Hordaland-politikarar vil behalde sitt eige fylkesvåpen

BYTE FARGE: Fleire fylkespolitikarar i Hordaland vil no behalde fylkesvåpenet (t.v.) i nye Vestland fylke, men går med på å bruke den blå fargen frå våpenskjoldet til Sogn og Fjordane (t.h.).

BYTE FARGE: Fleire fylkespolitikarar i Hordaland vil no behalde fylkesvåpenet (t.v.) i nye Vestland fylke, men går med på å bruke den blå fargen frå våpenskjoldet til Sogn og Fjordane (t.h.). Foto:

Viss Sogn og Fjordane beheld kraftmilliardane sine, bør Hordaland få behalde våpenskjoldet sitt.

DEL

(Firda): – Ja, viss det er eit forhandlingskort, så kvifor ikkje, seier Benthe Bondhus frå Kvinnherad, gruppeleiar for Senterpartiet i Hordaland fylkesting til NRK Hordaland.

– Det er så mange forhandlingskort som har versert i forhandlingane mellom dei to fylka, legg Bondhus til.

Misnøye med forslaga

Forslaget kjem kort tid etter at fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok å føre verdiane i Sogn og Fjordane Energi (SFE) over til kommunane før fylket går saman med Hordaland.

Idéen om å ta med sitt eige våpenskjold inn i nye Vestland fylke, får støtte frå fleire politikarar i Hordaland fylkesting.

Det er misnøye med dei fire lanserte forslaga til nytt fylkesvåpen som ligg til grunn.

Meir interessert i aksjane

– Dei er stilistiske og enkle. Det er tydeleg at ingen av oss synest forslaga er veldig gode, seier Terje Søviknes, gruppeleiar for Framstegspartiet.

Søviknes understrekar samstundes at han ikkje vil bruke diskusjonen om fylkesvåpen i ei forhandling som dreiar seg om andre ting, til dømes aksjane i Sogn og Fjordane Energi.

Fellesnemnda for vestlandssamanslåinga skal ha sitt neste møte i Førde onsdag 19. desember.

Artikkeltags