(Firda): Fylkesdirektør for samferdsel i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Dina Lefdal (53), får toppjobben som direktør for infrastruktur og veg i nye Vestland fylke. Ho vil bli stasjonert i Leikanger.
– Vi er i ein del av landet der veg og samferdsel er noko folk verkeleg brenn for og engasjerer seg i. Å få vere med og utvikle dette vidare synest eg er noko av det mest spennande ein kan gjere, seier Dina Lefdal i ei pressemelding.

Blakk fylkeskommune skal bygge nytt milliardbygg i sentrum
Idrett og digitalisering
Fylkesdirektør for kultur og idrett (konst.) i Hordaland fylkeskommune, Per Morten Ekerhovd (50) blir direktør for kultur, idrett og inkludering, og blir stasjonert i Førde.
– Saman er eg sikker på at vi blir landets sterkaste fylke på kultur, idrett og inkludering. Det gler eg meg med å få til saman med heile den nye organisasjonen, seier Per Morten Ekerhovd i ei pressemelding.
Assisterande fylkesrådmann i Sogn og Fjordane, Paal Fosdal (57) blir direktør for strategisk utvikling og digitalisering i Vestland fylke og blir stasjonert i Leikanger.
– Eg gler meg til å bli kjent med heile den nye, store organisasjonen, og sjølv om arbeidsstaden min blir i Leikanger, kjem eg til å bruke ein god del tid i Bergen òg, seier Paal Fosdal i ei pressemelding.
Desse har søkt på dei seks direktørstillingane i nye Vestland fylke
Stillingane som går til Bergen
Konstituert fylkesrådmann i Hordaland fylkeskommune, Ingrid Holm Svendsen, (49) blir ny direktør for organisasjon og økonomi i Vestland fylke. Ho blir stasjonert i Bergen.
Fylkesdirektør for samferdsel i Hordaland fylkeskommune Håkon Rasmussen (54), blir direktør for mobilitet og kollektivtransport i Vestland fylke. Han blir stasjonert i Bergen.
Fylkesdirektør for regional utvikling i Hordaland fylkeskommune, Bård Sandal (51), blir direktør for innovasjon og næringsutvikling. Han blir stasjonert i Bergen.
– Det ser eg fram til å jobbe med saman med sterke og kompetente miljø i begge dei to fylka, seier Bård Sandal i ei pressemelding.
Frå rektor til toppjobb
Noverande rektor ved Amalie Skram vidaregåande skule i Bergen, Bjørn Lyngedal (58), blir ny direktør for opplæring og kompetanse i Vestland fylke.
– Vi blir ei stor geografisk eining med lange avstandar, men vi må skape ein skulesektor der alle blir sett og tatt i vare på ein god måte. Det blir ei stor og spennande utfordring, seier Bjørn Lyngedal i ei pressemelding.