No får alle fylke eige mobbeombod

– Eg er glad for at samtlege fylke frå hausten 2018 får mobbeombod, seier kunnskaps- og integreringsminsiter Jan Tore Sanner.

– Eg er glad for at samtlege fylke frå hausten 2018 får mobbeombod, seier kunnskaps- og integreringsminsiter Jan Tore Sanner. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Alle fylker skal få mobbeombod, garanterer kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.

DEL

Fleire fylke, deriblant Hordaland, har mobbeombod i dag, men frå hausten blir det etablert ei nasjonal ordning med mobbeombod for alle barn og elevar i barnehage og grunnskule i alle fylke. Det opplyser Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.

Omboda skal også bidra til eit godt samarbeid med eksisterande elev- og lærlingeombod om skulemiljø i vidaregåande opplæring, blir det opplys. Den nye ordninga skal sikre at mobbeomboda får jobbe uavhengig av skuleeigar.

Staten og fylkeskommunane spleiser

– Eg er glad for at samtlege fylke frå hausten 2018 får mobbeombod. Dei skal støtte og rettleie barn, elevar og foreldre i saker som gjeld beskyttelse mot mobbing og å skape eit betre barnehage- og skulemiljø, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner til Avisa Nordhordland.

– Omboda vil styrke det lokale arbeidet mot mobbing i barnehagar og skuler. Saman med regjeringas andre tiltak mot mobbing skal dette bidra til at færre barn og elevar blir mobba, og at dei som blir utsett for mobbing får raskare hjelp, seier kunnskap- og integreringsminister Jan Tore Sanner.

Ordninga er frivillig for fylkeskommunane, men samtlege har signalisert at dei ønsker å delta. Ordninga vil bli finansiert som eit spleiselag mellom staten og fylkeskommunane, der staten bidrar med 250.000 kroner frå hausten og 500.000 kroner neste år per fylke. Ordninga kom på plass i eit samarbeid med KrF om budsjettet for 2018.

Krev langsiktig innsats

Parallelt set regjeringa i gang ei følgeevaluering. Evalueringa skal brukast til å gje innspel til korleis ombodsordninga bør vere i dei nye regionane frå 2020.

«Målet for regjeringa er å få på plass eit varig, oversiktleg og tilgjengeleg ombodssysteem for barnehagebarn, elevar og forelre», heier det i pressemeldinga.

– Arbeid mot mobbing krev langsiktig og målretta innsats. Mange barnehagar og skular arbeider godt for å utvikle eigen kompetanse i arbeidet mot mobbing. Med mobbeombod i alle fylker får dei no ein viktig samarbeidspartnar som også er tett på barn og unge, seier Hege Nilssen, direktør i Utdanningsdirektoratet i pressemeldinga frå Kunnskapsdepartementet.

Artikkeltags