To fartøy kolliderte ved KNM «Helge Ingstad»

Lystbåten, ein 15-16 fot stor plastbåt, er no stasjonert på CCB-basen på Ågotnes.

Lystbåten, ein 15-16 fot stor plastbåt, er no stasjonert på CCB-basen på Ågotnes. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

To personar blei redda opp av sjøen etter å ha kollidert like ved KNM «Helge Ingstad».

DEL

(BA): – KNM «Olav Trygvasson» var nettopp blitt avløyst frå vakthaldet rundt KNM «Helge Ingstad» og på veg sørover då dei kolliderte med ein lystbåt, fortel Brynjar Stordal, pressetalsmann ved Forsvarets operative hovudkvarter (FOH).

Han fortel at dei fekk rapport om hendinga klokka 16.20.

Lystbåten skal ha kollidert inn på babord side av «Olav Trygvasson».

To personar fall i sjøen. Begge blei tatt om bord i marinefartøyet, kor dei fikk helsehjelp.

Begge skal vere lettare skadd og er tatt hand om, fortel Stordal.

Båten dei var i, blir omtalt av politiet som ein 15–16 fots plastbåt.

– Vi fekk heist lystbåten om bord i kystvaktskipet, og både personell, dei skadde og båten er avlevert på Ågotnes, fortel Stordal.

Politiet blei varslet om hendinga klokka 16.09 søndag.

Det var BT som omtalte hendinga først.

Det var KNM «Olav Tryggvason» som var innvolvert i kollisjonen søndag ettermiddag. Dette bildet av marinefartøyet blei tatt i august 2010.

Det var KNM «Olav Tryggvason» som var innvolvert i kollisjonen søndag ettermiddag. Dette bildet av marinefartøyet blei tatt i august 2010. Foto:

Artikkeltags