Nettavis: Fregatten fekk fleire åtvaringar – svarte at dei hadde kontroll

Havaristen KNM Helge Ingstad ligger fortsatt ved Sture etter torsdagens kollisjon. Nå arbeides det med å sikre fartøyet, slik at verdiene kan bli forsøkt berget.

Havaristen KNM Helge Ingstad ligger fortsatt ved Sture etter torsdagens kollisjon. Nå arbeides det med å sikre fartøyet, slik at verdiene kan bli forsøkt berget. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Milliardfregatten fekk åtvaringar frå både tankskipet og Kystverket, men fregattens skipsleiing svarte ati de hadde kontroll, ifølge nettavisen Aldrimer.

DEL

Kort tid seinare var kollisjonen mellom fregatten KNM «Helge Ingstad» og tankskipet «Sola TS» eit faktum.

Hendingsforløpet blir bekrefta til Aldrimer av fleire sentrale, uavhengige kjelder som av omsyn til den pågående politietterforskninga og granskinga, ikkje ønsker å stå fram med namn.

Då los og skipper om bord i tankskipet fekk auge på fregatten, blei fregattens skipsleiing kontakta. Det hevdar fem kjelder uavhengig av kvarandre.

«Vi har kontroll»

I anropet skal skipsleiinga i fregatten ha blitt spurt om dei skulle vike for tankskipet. «Vi har kontroll», skal svaret frå fregattens leiing ha vore.

Rundt samme tid oppdaga Kystverkets sjøtrafikksentral Fedje VTS at fartøya var på ein farleg kurs mot kvarandre. Då skal Fedje VTS ha kontakta fregatten, ifølge Aldrimers kjelder.

Overfor TV 2 stadfestar trafikksentralsjefen at det var kontakt mellom fregatten og trafikksentralen på Fedje i forkant av kollisjonen.

– Dette har vi ingen kommentar til, seier avdelingsdirektør for Kystverkets sjøsikkerheitsavdeling, Arve Dimmen, til Aldrimer.

Nettstaden skriv mykje om Forsvaret og norsk tryggleik generelt.

– Eg er litt der at vi ikkje føler vi kan svare på spørsmål om det faktiske hendingsforløpet. Statens havarikommisjon og politiet skal no etterforske denne saka, seier trafikksentralsjef Arnt Runar Sævrøy ved Fedje VTS.

Avisa Nordhordland var i kontakt med sentralen fleire gonger torsdag, men dei hadde det då så travelt at dei ikkje kunne uttale seg.

Taust om årsak

Verken Sjøforsvaret, politiet eller Statens havarikommisjon har foreløpig ønska å seie noko om ulykkesårsaka.

Sjøforsvaret nekta torsdag å svare på om fregatten hadde vikeplikt, men reglane er heilt klare. Den pensjonerte flaggkommandøren Jacob Børresen vil ikkje fordele skyld, men uttalte til BA at det alltid er vikeplikt for skip som er under eskorte - slik tankskipet var.

Det greske rederiet som eig tankskipet har overfor BA vore fråvikende på direkte spørsmål om skyldfordelinga. Politiet og havarikommisjonane i Norge og på Malta utfører uavhengige undersøkingar for å få klarheit i kva som har skjedd.

Besetningen på 137 personar som var om bord i fregatten blei frakta i bussar til Haakonsvern orlogsstasjon etter den dramatiske natta. Der blei dei ivaretatt, debrifa og skjerma.

Ifølge nettstaden Marine Traffic tyder på at fregatten ikkje hadde slått på AIS-systemet, som er eit identifikasjonssystem for å forhindre kollisjonar til sjøs. Rett etter at kollisjonen inntraff, dukka fregattens posisjon opp på kartet.

Artikkeltags