Radøy kommune vann prestisjepris: Kåra til årets kulturkommune

Stor jubel i kommunen og kulturlivet på Radøy etter at dei vart kåra til årets kulturkommune i Hordaland fylke.

Stor jubel i kommunen og kulturlivet på Radøy etter at dei vart kåra til årets kulturkommune i Hordaland fylke. Foto:

Av

Radøy kåra til årets kulturkommune i Hordaland.

DEL

Det opplyser Radøy kommune sjølv i ei pressemelding torsdag ettermiddag.

Me er stolte og glade over å bli kåra som årets kulturkommune i Hordaland, seier Radøy-ordførar Jon Askeland i pressemeldinga.

Han framhevar det gode og nære samarbeidet med lag og organisasjonar som ein suksessfaktor i arbeidet med å byggja kulturkommunen.

Me har ikkje eit glitrande Soria Moria-slott. Men, eit mangfaldig kulturliv er gullet vårt. Målretta satsing innan tronge økonomiske rammer, har lagt grunnlaget for at kommunen saman med lag og organisasjonar har gjort eit kulturelt løft som me er stolte av, seier Askeland.

Har auka løyvingane

Radøy-ordføraren framhevar at den største ressursen i lokalsamfunnet er oss sjølve, menneska som bur her og det me har fått til saman.

Kultur og idrett er berebjelken vår, og verktøyet vårt i å skapa eit betre lokalsamfunn. Det er desse ressursane me har brukt i aktivt samspel for å nå visjonen til Radøy kommune –«Tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle».

Ordføraren peikar på at kommunen var gjennom ein krevjande periode med store økonomiske utfordringar, men der ein samtundes prioriterte å auka løyvingar til kultur og idrett, seier Askeland.

Han framhevar at målet var å gjera kommunen til ein betre stad for alle, og at me dermed skulle styrka fellesskapen gjennom å bruka våre eigne ressursar.

Me ville oppnå auka samhald, der kvar innbyggjar tek ut talenta sine i eit trygt fellesskap. Dette har me klart saman. Dette er ein lagsiger til innbyggjarane i kommunen, der me ilag har bygd stein på stein.

Forpliktar for nye Alver kommune

Me har i alle år prioritert å auka løyvingar til kultur- og idrett. Me kan understreka at kvar einaste krone investert i kultur, idrett og frivilligheit er det mest lønsame me kan gjera. Kulturen er limet i lokalsamfunnet vårt, seier Askeland.

Radøy er ein nærings- og skattesvak kommune, men trygt plassert i den felles bu- og arbeidsmarknaden i Nordhordland og Bergen.

Desse rammevilkåra har gjort  satsing på barn og unge, kultur og idrett – kort sagt gode oppvekst- og bumiljø, til eit samlande konkurransefortrinn – kall det gjerne omdømme. Me er veldig glade for prisen og ser på dette som krona på verket for radværingane, samtidig som det forpliktar og inspirerar til at Alver kommune også blir ein god kultur- og idrettskommune.

Det er andre gong Radøy vert kåra til årets kulturkommune i Hordaland. Første gong var i 2005.

Slik var grunngjevinga til juryen

Juryen har bestått av fylkesordførar Anne Gine Hestetun, fylkesdirektør kultur og idrett Per Morten Ekerhovd og leiar NOKU Hordaland - Lennart Fjell. I grunngjevinga for prisen skriv dei:

«Radøy kommune er ein markant kulturkommune som har gjort kultur til ein viktig faktor i det lokale utviklingsarbeidet. Gjennom langsiktige og målretta tiltak har dei etablert kulturpolitiske satsingar som svarer på dei lokale behova, og er innretta etter folketal og geografi. Dei er gode føredøme for andre. Juryen ser kommunen si satsing som eit lokalt samskapande løft, som har skapt eit kulturtilbod og kulturformidling som er inkluderande og innbydande – brei og spissa. Den breie ungdomssatsinga, samt den spissa satsinga opp mot idretts- og korpsmiljøet bør trekkast særskilt fram. Manger Musikklag er ikkje berre Radøy sin stoltheit, men og Hordaland og Noreg. Juryen var einstemmig i sin vurdering, og er stolte av å kunna nominera Radøy kommune som Hordaland sin kandidat til å få den nasjonale prisen Norges kulturkommune.»

Artikkeltags