Blakk fylkeskommune skal bygge nytt milliardbygg i sentrum

Dette er ei skisse av det nye fylkesbygget som skal kunne huse over 1000 tilsette.

Dette er ei skisse av det nye fylkesbygget som skal kunne huse over 1000 tilsette. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Sjølv om det er økonomisk trongt i fylkeskommunen, planlegg dei eit nytt administrasjonsbygg.

DEL

(BA): Kostnaden for nytt fylkeshus er rekna til 951 millionar kroner, med byggetid i perioden 2020–2022 .

For fylkesrådhuset, som står i strøket der Medielandsbyen og Bygarasjen tronar, skal rivast.

Huset er i elendig forfatning, ekstremt lite effektivt med tanke på arealutnytting, og må uansett rustast opp.

Slik er Bergen i den situasjon at begge rådhusa har råtna på rot, og skal tømmast for både politikarar og administrativt tilsette i ei god stund.

Meir enn dobling av kapasiteten

Hordaland fylkeskommune skal bli slått saman med Sogn og Fjordane fylkeskommune og bli til nye Vestland fylke.

I dag husar fylkesbygget 450 tilsette. Det nye fylkesbygget skal kunne huse 1050 arbeidstakarar. Fylket skal i tillegg til å ha alle sine 600 administrativt tilsette i bygget også leige ut areal for å skaffe seg inntekter.

Det er ikkje bestemt korleis bygginga skal organiserast.

– Fylkesrådmannen kjem tilbake til dette i budsjettet for 2020 for Vestland fylkeskommune, står det i saka.

Når dei to fylka blir slått saman, giftar fattig seg med rik. Mens Sogn og Fjordane har milliardar på bok, så har Hordaland ekstremt mykje gjeld, nærmare bestemt 11,25 milliardar kroner.

Gjeldsgraden i Hordaland fylkeskommune er på 115 prosent, det anbefalte er 75 prosent.

Nye skulebygg for nær to milliardar

I tillegg til det nye fylkesbygget skal det også investerast i nye videregående skular på Askøy og Stord. Nye Åsane VGS hadde byggestart i år.

Nye Åsane VGS, som også husar tannklinikk og kulturhus har ein pris på 880 millionar kroner.

Askøy VGS har ei kostnadsramme på 440 millionar kroner.

Stord VGS kostar 226 millionar kroner.

Ny Laksevåg VGS, som er under planlegging, er estimert til 340 millionar kroner.

Artikkeltags