Åtvarar mot useriøse steinleggjarar – to personar pågripne

To personar blei pågripne tysdag.

To personar blei pågripne tysdag. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

To britiske statsborgarar blei pågripne tysdag ettermiddag.

DEL

– Omreisende handverkarar er komne til bergensområdet og A-krim Hordaland har startet aksjonar mot desse.

Det opplyser A-krim Hordaland i ei pressemelding til Avisa Nordhordland og andre medium onsdag.

Dei åtvarer mot å engasjere omreisande handverkarar og ber om tips frå folk som har fått tilbod frå useriøse aktørar.

– Desse useriøse aktørane opererer på sida av alle lover og utnyttar svakarestilte arbeidstakarar. Vi finn ofte eksempel på svart arbeid, ulovlege tilsettingsforhold, dårlig løn og manglande tryggleik. Skattar og avgifter blir som regel heller ikkje betalt. Tidlegare år har huseigarar fått tilleggskostnader fordi steinleggarfirmaet dei nyttar ikkje betalte moms eller andre avgifter. For kontant betaling over 10.000 kroner kan kjøpar bli ansvarleg, seier Øystein Andersen, felles talsperson for A-krim Hordaland.

To personar pågripne

A-krim Hordaland opplyser at mange gjer dårleg arbeid, opptrer truande, og åtvarer også om at forbrukarar sjølv kan bli økonomisk ansvarleg.

I ein aksjon i regi av A-krim tysdag ettermiddag, blei to britiske statsborgarar pågripne.

Dei skal ha utført vedlikehald på private eigedommar blant anna reinhald av tak og oppkøyrslar, og dreneringsarbeid.

– Berre i eit avgrensa område i Bergen var det utført/under utførelse, arbeid for over 100.000 kroner, som stort sett var utbetalt kontant eller i avgrensa omfang til utanlandsk bankkonto. Britane har ein truande åtferd om ein vil ha kvittering eller klager på arbeidarane, opplyser A-krim Hordaland.

Britane var ikkje registrerte næringsdrivande i Norge eller heimandet.

Dette bør du som forbrukar vite:

  • Sjekk at steinleggarane har identitetskort-kort som viser kven dei er og kven dei jobbar for. Alle tilsette i bygg- og anleggsbransjen i Norge skal ha eit HMS-kort merka med utstedelse frå Arbeidstilsynet.
     
  • Ikkje betal kontant. Mange huseigarar har fått tilleggskostnader pga. at steinleggarfirmaet dei nytta ikkje betalte moms eller andre avgifter. For beløp over 10.000 kroner blir kjøpar ansvarleg, med mindre det finst ei skriftleg kontrakt som viser at kjøpar har handla i «god tru». Dette betyr at dersom du betalar over 10.000 kroner kontant, så kan du også bli medansvarleg for steinleggarane sine skatteunndragingar – det gjeld også om du delar opp beløpet.
     
  • Utanlandske steinleggarar har trua steinleverandørar. Det er også eksempel der kjøparar har blitt trua.

A-KRIM HORDALAND

 

  •  Et tverretatlig samarbeid mellom fem offentlige etater har siden 2014 jobbet med å bekjempe kriminalitet i arbeidsmarkedet i Hordaland.
     
  • Etatene som deltar i samarbeidet er Arbeidstilsynet, Skatt Vest, Vest politidistrikt, NAV og Kemneren i Bergen. Andre offentlige kontrolletater blir koblet på i enkeltsaker.
     
  •  Målet med samarbeidet er å avdekke arbeidsmarkedskriminalitet. Dette kan være brudd på arbeidsmiljøloven, svart økonomi, trygdesvindel, ulovlig arbeidskraft og utnyttelse av sårbare arbeidstakere.

Artikkeltags