Ni nye hyttegjestar med magevirus-symptom

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Sidan måndag kveld er ni nye personar med symptom på norovirus frakta ut frå DNT-hytter på Hardangervidda. Samtidig har hyttebesøket auka frå i fjor.

DEL

Totalt er det no 38 kjende tilfeller av omgangssjuke på dei åtte Turistforening-hyttene Litlos, Sandhaug, Geiterygghytta, Rauhellern, Krækkja, Kalhovd, Mogen og Middalsbu. På fleire av hyttene har det berre vore registrert eitt enkelttilfelle, og fleire av hyttene har hatt berre friske gjestar sidan søndag.

– Rapportane frå gjestane på hyttene er at dei har det veldig fint. Dei opplever at dei får spørsmål frå folk utanfrå, som sit heime og ser dei dramatiske overskriftene, men her på vidda er det strålande påskevêr og fornøgde gjestar, seier kommunikasjonsrådgjevar Monica Hägglund Langen i Turistforeningen.

Hyttene på Hardangervidda har hatt 1.613 gjestar frå palmefredag til tysdag. Det er ein oppgang på 9 prosent samanlikna med samme tid i fjor.

Tiltaka fungerer

Symptoma på mageviruset er kvalme, oppkast og diaré. Sjukdommen er ifølge Folkehelseinstituttet vanlegvis mild, og varer i éin til tre dagar hos ellers friske menneske.

Turistforeininga understrekar at alle som får symptom på mageviruset, blir køyrd ut umiddelbart som eit forebyggjande tiltak.

– Det som er positivt er at på dei fleste av hyttene kor det først blei registrert sjukdom, har vi no ikkje hatt nye med omgangssjuke. Det viser at tiltaka fungerer, seier dagleg leiar Henning Hoff Wikborg i DNT Oslo og Omegn.

Handvask med vatn og såpe

Norovirus er den vanlegaste årsaka til omgangssjuke eller smittsom mage- og tarmsjukdom. Turistforeininga kan ikkje få understreka nok kva grunnleggjande hygieneregel som beskyttar aller best mot smitte.

– Handvask med lunka vatn og såpe er det beste middelet for å få bukt med spreiing av omgangssjuke. Vi oppfordrar særleg menn til å passe på handhygienen, seier Hoff Wikborg.

Ifølge Folkehelseinstituttet er vinteren høgsesong for omgangssjuke på grunn av norovirusinfeksjonar. Ved sidan av grundig handvask med vatn og såpe, er også god kjøkkenhygiene både heime, på skular og i barnehagar avgjerande for smittebegrensning.

Alkoholbasert handdesinfeksjon er imidlertid mindre effektivt mot norovirus, ifølge Folkehelseinstituttet.

Artikkeltags