Slepar verdens største – turen skal ta tolv dagar

Aasta Hansteen i slep ut fra Stord.

Aasta Hansteen i slep ut fra Stord. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Det skal ta tolv dagar å frakte den 70.000 tonn tunge og 320 meter høge plattforma Aasta Hansteen frå Stord til Norskehavet.

DEL

(Bergensavisen): Om dei ikkje heldt pusten i fjorden utanfor Stord torsdag, så var det i alle fall med stor spenning tilsette i Statoil og alle dei involverte aktørane såg på slepet av Aasta Hansteen-plattforma.

Like før klokka 08.00 torsdag starta det som truleg er det største slepet sidan uttauinga av Troll A i 1995 på Stord. Aasta Hansteen-plattforma ragar 157 meter over havoverflata og stikk 182 meter under havet.

– Så langt går det veldig bra. Det går ikkje så fort, men vi ser at den har flytta på seg, sa Helge Hagen, prosjektleiar for subsea og marin på Aasta Hansteen-prosjektet i Statoil i startfasen av slepet.

– Nydelege forhold

Han sat torsdag formiddag i ein følgebåt foran plattforma som blir følgd av fem slepebåtar.

Sidan kontrakta på byggingA av den enorme plattforma blei skriven i 2013, har ein samtidig jobba med planane for å frakte installasjonen frå Stord til Aasta Hansteen-feltet som ligg omkring 300 kilometer vest for Bodø.

– Forholda for slepet kunne ikkje vore betre, det er nydelege forhold, og varselet for turen vidare nordover ser også bra ut. Så langt går alt heilt supert, og vi har gjort gode og trygge førebuingar på slepet. Vi er heilt sikker på at vi har gjort det vi kan i forkant, men noko uventa kan sjølvsagt skje, og ein er naturlegvis alltid spent foran slike operasjonar, seier Hagen.

Saka held fram under bildet.

Helge Hagen, Statoil foran slepet av Aasta Hansteen-plattformen som skal til Nord-Norge fra Stord.

Helge Hagen, Statoil foran slepet av Aasta Hansteen-plattformen som skal til Nord-Norge fra Stord. Foto:

Fem slepebåtar

For slepet av verdens største plattform i sitt slag har sjølvsagt sine utfordringar.

– At turen skal vare i tolv dagar over 500 nautiske mil er sjølvsagt ei utfordring. Men den største utfordringa er at vi har så stor djupgang, vi må passe på å ikkje gå på grunn. Og når vi passerer Langenuen i ettermiddag (torsdag), må vi snu plattforma for å komme under høgspentleidninga som er 140 meter over havet på sitt lågaste. Vi passerer så nære land som mogleg, då er det omkring 20 meter mellom flammetårnet og kabelen, forklarer Hagen.

Slepet blir gjort av fem slepebåtar, det går i 1,5 knop innaskjærs før farten kan aukast til to knop etter passering av Marsteinen fredag ettermiddag. Om bord på plattforma er allereie mannskapet på 98 personar i full gang med ferdigstilling fram mot forankringa som skal skje så fort plattforma er på plass i Norskehavet. Drift på plattforma er forventa mot slutten av året.

– Vi føler oss utruleg privilegert som får vere med på dette. Det er eit utruleg spennande prosjekt, seier Hagen til BA.

Utfordringane skulle vise seg å melde seg. Frå klokka 03 natt til fredag og fram til fredag ettermiddag måtte plattforma og dei fem slepebåtane ligge heilt i ro.

Årsaka var at målaren som skal registrere straumforholda på 196 meters djup måtte byttast ut, melder Sysla.

Aasta Hansteen-plattformen

Aasta Hansteen ble bygget i Sør-Korea og satt sammen på Stord. Understellet kom til Norge i juni 2017, plattformdekket kom i november, og den ble koblet sammen i desember.

Plattformen er 70.000 tonn tung og 320 meter høy.

Den skal i drift 300 kilometer vest for Bodø i feltet so ble funnet i 1997.

Investeringene i feltet er anslått til drøye 30 milliarder kroner.

Den er en spesialplattform, en spar-plattformen som er den første på norsk sokkel, og den største i verden.

Statoil (75 prosent), OMV (15 prosent) og ConocoPhillips (10 prosent) er operatører på feltet.

Slepet av plattformen startet fra Stord 12. april og er ventet å ta 12 dager.

Artikkeltags