Straumbrot har ramma fleire tusen på årets første dag

Fleire tusen abonnentar måtte starte det nye året utan straum. Merkene på kartet viser der BKK har straumstans og driv med feilretting. Kart: Skjermdump BKK

Fleire tusen abonnentar måtte starte det nye året utan straum. Merkene på kartet viser der BKK har straumstans og driv med feilretting. Kart: Skjermdump BKK

Fleire tusen abonnentar i Nordhordland og Gulen måtte starte 2019 utan straum.

DEL

Uvêret som herja nyttårsaftan og natt til 1. nyttårsdag har ført til ei rekke straumbrot i heile Hordaland. BKK jobbar no på spreng for å rette alle feila.

«Kraftig vind har ført til fleire straumbrot på Vestlandet første nyttårsdag. BKK har auka vaktstyrken i heile nettområdet for å rette feila så snart som mogleg.», skriv BKK på sine eigne nettsider.

I 11.30-tida 1. nyttårsdag var 6092 abonnentar i Hordaland utan straum ifølge BKK sitt oversiktskart. Majoriteten av desse var i vår region. Status då var denne: 

  • I Lindås kommune var 3486 abonnentar utan straum etter straumbrot fire stadar. 
  • I Masfjorden kommune var 465 abonnentar utan straum etter straumbrot fire stadar.
  • I Gulen kommune var 920 abonnentar utan straum etter straumbrot tre stadar.
  • På Osterøy var 408 abonnentar utan straum etter straumbrot tre stadar.

I dette kartet på BKK sine nettsider kan du sjå kva område som er ramma, kor mange abonnentar det gjeld og når det er forventa at feilen er retta.

Har du tips til oss? Ta kontakt på vår vakttelefon 916 26 916.

Artikkeltags