Snart kan også vi betale med mobilen på bussen

Om eit års tid skal vi kunne betale med mobilen på bussen. Arkivfoto

Om eit års tid skal vi kunne betale med mobilen på bussen. Arkivfoto

Artikkelen er over 2 år gammel

No skal også nordhordlendingane snart kunne reise kollektivt med hjelp av mobilen.

DEL

– Til no har det vore slik at alle utanom Bergen ikkje har kunna brukt Skyss-appen. Ein må anten ha eit periodekort eller betale kontant, seier Jon Askeland, Radøy-ordførar og fylkestingpolitikar for Sp.

Den praksisen vil snart bli forandra. Det er no semje og fleirtal mellom seks parti i fylkestinget om Hordaland fylkeskommune sitt 2017-budsjett, og i budsjettforliket vil dagens ordning bli gjort om.

LES OGSÅ: No får hurtigbåtpassasjerane venteskur

Den største endringa er at nattaksten forsvinn, noko som er kostnadsrekna til ni millionar kroner. Men det vil også bli mogleg for alle i distriktet i fylket å bruke mobil til betaling noko som altså kun har vore forbeholdt byfolket.

– Det er eit stort arbeid som må gjerast, for det har vore rundt 70 takstsoner. Forhåpentlegvis kan det nye systemet tre i kraft i 2018, seier Jon Askeland til Avisa Nordhordland.

– Blir det pengar å spare for dei kollektivreisande?

– Det kan det bli, men dette vil slå forskjellig ut. Intensjonen er at ein skal betale dagens pris eller få billegare pris, svarer Askeland.

Han meiner også tiltaket vil vere eit miljøtiltak då det vil bli lettare for langt fleire i Nordhordland og andre stadar rundt Bergen å reise kollektivt.

Artikkeltags