Påskeheimfarten er allereie i gang: Lange køar på E16 - forventar ikkje problem på E39

Artikkelen er over 1 år gammel

Det er ofte 1. påskedag som har dei verste køane, men knallvêret gjer at mange truleg vel å bli ein dag til.

DEL

Søndag formiddag gjekk trafikken som normalt.

Klokka 15.30 kom dei første meldingane om kødanning. Ikkje overraskande var det på E16 ved Trengereid, då svært mange skal heim frå påskeferie.

I 17.20-tida har køane tetta seg til endå meir. Trafikken er aukande, og køane står no tilbake til Vaksdal-området på E16.

– Det er 1. påskedag som normalt har dei verste køane, seier trafikkoperatør Lise Kristoffersen til BA søndag ettermiddag.

Trafikkoperatøren trur kanskje at det fine vêret gjer at folk ventar ein ekstra dag med å sette kursen mot byen igjen. Det er helligdag også i morgon.

– Folk likar jo å ha ein ekstra dag heime før dei begynner på jobb, men med dette vêret veit vi ikkje heilt. Kanskje mange ventar til i morgon, seier Kristoffersen.

  • Send oss bilde av køen eller tips på redaksjonen@nordhordland.no

Trur det blir verst på Trengereid

Ho trur likevel det vil auke på i løpet av ettermiddagen og kvelden. Spesielt mellom Trengereid og Arna då mange har vore på påskeferie i Myrkdalen, Voss og Kvamskogen og skal heim igjen.

Ho seier at det skal svært mykje til før politiet set inn tiltak som dirigering.

– Folk må berre smøre seg meg tålmodigheit, sier Kristoffersen.

Ho trur at trafikken vil gli greit på E39 Vågsbotn og gjennom Nordhordland.

– Her har trafikken auka litt dei siste påskene, men det pleier ikkje vere noko problem, seier ho.

Rådar bilistane å halde seg på hovudvegane

Sjølv om det blir lang kø, rådar trafikkoperatøren bilistane til å halde seg på hovudvegane.

– Det er sjeldan ein god idé å køyre småvegane om du ikkje har god lokalkunnskap, påpeikar ho.

Også andre stader i landet er det venta mykje trafikk på innfartsårene frå populære skistadar.

E16 frå Valdres og E6 frå Lillehammer, der det pågår vegarbeid, er særleg utsett, melder NRK.

Også på riksveg 7 i Hallingdal vil trafikken gå sakte. Ved 13-tida var det stor kø ved Gol i retning Oslo.

– Innfartstrafikken er allereie i gang. Fleire stader ventar vi dobbel og tredobbel trafikkmengde i dag og i morgon, seier trafikkoperatør Jeanett Andresen i Statens vegvesen til NRK klokka 12 søndag.

Artikkeltags