Her kjem det nye ladestasjonar for elbilar

Tre slike hurtigladestasjonar som denne på Mongstad kjem på Fedje det neste året. Arkivfoto

Tre slike hurtigladestasjonar som denne på Mongstad kjem på Fedje det neste året. Arkivfoto

Artikkelen er over 4 år gammel

Nye ladestasjonar på fleire stadar i Nordhordland.

DEL

Nye ladestasjonar for elbilar er på trappene ei rekke stader i Hordaland. Det melder Hordaland fylkeskommune i ei pressemelding torsdag.

Fleire av desse ligg i Nordhordland. På Radøy ved Coop Manger kjem det ein hurtigladestasjon. Denne har ein prosjektkostnad på 680 000 kroner og får no 145 000 kroner i tilskot frå fylkeskommunen.

Fire andre stadar i fylket får hurtigladestasjonar. Samla går fylkeskommunen inn med ein knapp million i tilskot til desse.

– Fylkeskommunen har prioritert kommunar utan hurtigladetilbod i dag, kor det er vurdert at det finst ein marknad for dette. Vi satsar og på ferdigstilling av transportkorridorane ut av fylket. Medan hurtigladetilbodet langs europavegane vert støtta av Enova, tek Hordaland fylkeskommune ansvar for RV7 over Hardangervidda, seier Bård Sandal, fylkesdirektør for regional utvikling, i ei pressemelding.

Fem i Masfjorden

Det kjem også fleire normal-ladestasjonar i Nordhordland. På Fedje kjem tre i nærleiken av ferjekaia som Fedje Fryseri skal ha operatøransvar for. Her gir fylkeskommunen eit tilskot på 75 000 kroner av ein totalkostnad på 144 157.

Dei andre ladestasjonane kjem i Masfjorden. Her vert ladeuttaka spreidd på heile fem forskjellige stadar: Hosteland (Spar), Kvinge (Nærbutikken), Haugsværtunet (Matkroken), Masfjordnes (kommunehuset) og Hosteland (sjukeheimen).

Kvart ladepunkt har ein kostnad på 111 500 kroner, og desse blir fullfinansiert av fylkeskommunen.

Alle må dokumentere prosjektstart innan 31. august 2016 for å få utbetalt tilskot. Ladestasjonane må vere ferdig innan 31. august neste år.

Krevande i distrikta

Til Avisa Nordhordland utdjupar Sandal kvifor dei har valt akkurat Manger, Fedje og Masfjorden av stadane i Nordhordland.

– For det første har vi sett på lokasjonar opp mot eksisterande ladepunkt, og så har vi sett på kvar det er hol i forhold til den infrastrukturen vi har i dag og sett på avstaden mellom ladepunkta, seier Sandal.

Fylkesdirektøren er opptatt av å få fram at fylkeskommunen ikkje berre skal sørve Bergen og dei største tettstadane. 

– Vi er opptatt av at vi som fylkeskommune skal sørge for best mogleg utvikling av heile fylket og skal bidra til den delen av infrastrukturen som er vanskeleg å løfta for distrikta åleine. I sentrale strøk, som Bergen og andre stadar, er det kommersielt interessant å bygge slik infrastruktur for å driva business på det, men jo lenger ut i fylket ein kjem, dess meir krevande er det å få til slike investeringar. Då ønsker vi å ta den rolla og bygga slik infrastruktur, seier Sandal.

Brukt 10,2 millionar hittil

Ladestasjonane blir finansiert som spleiselag. BKK ein viktig samarbeidspartnar, og det samme er det statlege organet ENOVA, saman med kommunar og andre aktørar.

– Innfrir de ønskene med dette, eller er behovet større?

– Vi har gjort nokre prioriteringar og gjort det saman med kommunane. Så er ikkje dette siste steg, vi vil løfte dette vidare til vi får ein tett og god infrastruktur på plass. Vi tar fylkesvegane, og så er det andre aktørar på riksvegane, seier Sandal.

Tilskota er ein del av fylkeskommunen si satsing på tilrettelegging for nullutsleppskøyretøy gjennom Klimaplan for Hordaland.

Sidan 2010 har fylkeskommunen brukt 10,2 millionar kroner i tilskot til ladeinfrastruktur.

Ifølge fylkeskommunen har ingen andre fylke så mange hurtigladestasjonar som Hordaland.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken