Held politiet lovnadane?

Det er sju politifolk færre i Knarvik no enn for eit halvt år sidan, det trass i at nærpolitireforma skulle gje meir synleg politi. Det er liten sjanse for at ein får att desse stillingane før tidlegast i 2020.

Det er sju politifolk færre i Knarvik no enn for eit halvt år sidan, det trass i at nærpolitireforma skulle gje meir synleg politi. Det er liten sjanse for at ein får att desse stillingane før tidlegast i 2020. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Lesarbrev24. august 2016 tromma politimeistaren i Vest saman alle ordførarane i sitt distrikt til dialogmøte om NÆRpolitireforma. Målet med reforma var (er?) eit meir tilgjengeleg og tilstadeverande politi med god lokalforankring og samhandling. Politiet skulle vera operativ, synleg og tilgjengeleg. Ein skulle ha kapasitet til både å førebyggja og etterforska. Gjennom eit kompetent og effektivt nærpoliti skulle ein sikra innbyggjaranes tryggleik.

Vidare vart me orienterte om at me skulle få likare polititenster med betre kvalitet over heile landet.

Det vart utarbeidd ein risiko- og sårbarheitsvurdering (ROS-vurdering) av dei tenestestadane i Vest politidistrikt som vart føreslått nedlagde. Her heiter det m.a.:

• «Legges tjenestestedene ned er det sannsynlig at politiansatte flytter ut fra de folkefattige områdene. Dermed mister politiet den detaljerte lokalkunnskapen som kan bidra til å løse oppdrag på en smidig måte.

• Politiets tilgjengelighet og nærhet til de minste lokalmiljøene er ikke forankret i politilokaler som står tomme store deler av uken. Det finnes konsekvensreduserende tiltak som ivaretar både kravet til tilgjengelighet og nærhet på bedre måter, og samtidig bedre ivaretar de øvrige målene med reformen.»

ROS-vurderinga omtalte vidare ei rekke såkalla konsekvensreduserande tiltak knytta til kommunar som mistar tenestestaden. M.a. skulle dei nye tenestestadane organiserast slik at:

• Dei var meir robuste og bærekraftige.

• Dei skulle kunne tilby eit meir mobilt politi som kan vera der folk bur i større grad.

• Tilbod, tilgjengelegheit, responstid og synlegheit skulle styrkast.

• Mobile einingar skulle kunne opprettast der det trengs.

• Arbeidsmetodikk, betre teknologi og organisering skulle gjera det mogleg å etablera det som vart kalla «Politiarbeid på staden».

• Ein såkalla Politikontakt skulle sikra betre kontakt med kommunane.

Vidare skulle politirådet profesjonaliserast, politiets nettsider byggast ut for å betra samhandlinga med innbyggjarane og styrka samarbeidet med kommunen om beredskap.

Desse «avbøtande tiltaka» var ein føresetnad for å kunna leggja ned 20 lensmannskontor:

«Ut fra denne ROS-vurderingen og under forutsetning av at de risiko- og sårbarhetsreduserende tiltakene som er beskrevet over, iverksettes med støtte fra den tjenesteenheten og geografiske driftsenheten tjenestestedet organiseres under foreslår vi…………..»

Eg stiller spørsmål om føresetnadane for å kunna leggja ned dei 20 lensmannskontora er til stades.

Spørsmåla me som bur i kommunar med nedlagde lensmannskontor vil vurdera nærpolitireforma utifrå er:

• Har me fått eit politi som er meir tilstadeverande med god lokal forankring?

• Er politiet meir operativ, synleg og tilgjengeleg?

• Har politet kapasitet til å førebyggja og etterforska?

• Har nærpolitireforma gitt oss eit politi som sikrar innbyggjaranes tryggleik?

Kort sagt: Held politiet lovnadane sine i NÆRpolitireforma?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags