Fem tannklinikkar i Nordhordland kan bli nedlagde

Fem tannklinikkar i Nordhordland går ei skremmande framtid i møte. Arkivfoto: Irene Bratteng Jenssen

Fem tannklinikkar i Nordhordland går ei skremmande framtid i møte. Arkivfoto: Irene Bratteng Jenssen

Artikkelen er over 4 år gammel

Protestane er allereie store. Sjå kva tannklinikkar som kan bli ramma.

DEL

Strukturen på tannhelsetenesta i Hordaland har i fleire år vore ein diskusjon. Den diskusjonen kjem til å bli langt heftigare i tida framover.

No har fylkesrådmannen i Hordaland laga ein klinikkstrukturplan for tannhelsetenesta. Dersom innstillinga får politikarane sin aksept, vil folk i Nordhordland mista heile fem tannklinikkar.

Desse klinikkane vil bli nedlagde:

  • Fedje tannklinikk
  • Masfjorden tannklinikk
  • Modalen tannklinikk
  • Frekhaug tannklinikk
  • Manger tannklinikk

Klinikkane i Masfjorden, Modalen og på Fedje vil bli lagt ned allereie i 2016. Folket her må då velja mellom tannklinikkane på Lindås eller i Knarvik.

LES OGSÅ: Vil legge ned alle tannlegekontora

Fem store klinikkar

I den nye strukturplanen deler fylkesrådmannen Hordaland inn i fem store tannhelsedistrikt. 

I nord blir det lagt opp til fem store klinikkar. Desse vil bli lokalisert til: Nordhordland Helsehus, Lindås tannklinikk, Åsane tannklinikk, Hesthaugen tannklinikk og Indre Arna tannklinikk, samt ein mindre klinikk på Osterøy. 

Tannklinikkane på Frekhaug og Manger vil bestå til den nye klinikken i helsehuset i Knarvik er på plass. Noverande klinikk i Knarvik vil bli ein del av den nye storklinikken i helsehuset.

Det skal også opprettast ein ny tannklinikk i Åsane vidaregåande skule når den blir etablert i 2020.

Politikarane avgjer

Forslaget til fylkesrådmannen skal no til politisk behandling. Først i fylkeskommunen sitt utval for opplæring og helse førstkommande onsdag,deretter i fylkesutvalet og fylkestinget.

Planen gjeld for perioden 2015-2030. I sitt samandrag om kvifor det er behov for så massive nedleggingar, argumenterer fylkesrådmannen:

«Målet med planen er å utvikle ein klinikkstruktur innafor rammer som kan tilby innbyggjarane i Hordaland stabile tannhelsetenester, inkludert spesialisttenester, av høg fagleg kvalitet. Klinikkane må ha ein storleik som gjer dei robuste til å ta hand om pasientane ved vakansar, feriar og permisjonar. Storleiken på tannklinikkane er og avgjerande for at folkehelsearbeidet kan koordinerast med samarbeidspartane på ein effektiv og god måte.»

Møter motstand

Planen går også inn på korleis den nye storklinikken i helsehuset i Knarvik vil bli.

«Ny tannklinikk i Helsehuset Nordhordland blir etablert i 2018 med 12 behandlingsrom.»

Det blir heller ikkje lagt skjul på at på grunn av dei økonomiske investeringane her hastar det med ei avgjerd.  

«Helsehuset Nordhordland er under planlegging, og tannhelsetenesta deltek i prosjekteringa. Med omsyn til investeringsplan og inngåing av endelege leigekontraktar er det viktig med ei rask avgjerd i saka.», skriv fylkesrådmannen.

Den nye planen møter allereie massiv mostand. Nils Marton Aadland, tidlegare ordførar og no vara i Meland, er ein av dei største kritikarane.

LES OGSÅ: Gir gass for å redda tannklinikken

– Denne planen som vart lagt fram for to år sidan, er dårleg både i form og innhald. Fakta her i Meland er at vi har fire skular med gangavstand til tannklinikken. Her er det viktig at alle no brukar sine folk i fylkestinget til å ta ned denne saka. Eg oppfattar dette som ei nedbygging av tannhelsetenesta i Nordhordland utanom Knarvik. Dette vil vera veldig uheldig for våre unge og eldre, sa Aadland til Avisa Nordhordland 23. januar.

Fleire reagerer

No får han støtte frå blant anna Masfjorden og Modalen, som også risikerer å mista klinikkar.

– Me reagerer veldig negativt på dette. Eg meiner det er ein frykteleg dårleg plan, og han tek ikkje omsyn til brukarane, seier ordførar Karstein Totland (H) til NRK mandag.

LES OGSÅ: Kjempar for tennene

Rådmannen i Modalen, Øivind Olsnes, gir uttrykk for det same.

– Dei må kanskje ut på ei dagsreisa for å få den same tenesta. Det er dårleg samfunnsøkonomi og det svekker grunnlaget for å halda oppe eit godt tilbod og sikra busetting i distrikta, seier han.

I heile fylket vil tolv kommunar mista tannklinikkar ifølge NRK.

Artikkeltags