Fedje-folket har fått MF «Fedjefjord» tilbake

Solide MF «Fedjefjord» er endeleg reparert og tilbake i drift på sambandet Sævrøy - Fedje. Arkivfoto

Solide MF «Fedjefjord» er endeleg reparert og tilbake i drift på sambandet Sævrøy - Fedje. Arkivfoto

Artikkelen er over 2 år gammel

– Dette skaper jubel på øya, seier Fedje-ordførar Stian Herøy.

DEL

Onsdag kveld vart MF «Fedjefjord» endeleg tilbake i drift på sambandet Sævrøy - Fedje. Ferja har vore ute av drift sidan slutten av november, då den grunnstøtte ved Sævrøy kai og fekk omfattande skadar på propellanlegget.

I mellomtida har MF «Utne» fungert som reserveferje. Det har vist seg å vere ei dårleg eigna ferje for det vêrharde sambandet. Heile 77 gonger har avgangar blitt innstilt sidan 22. november og fram til 3. januar. Det skriv Skyss-direktør Oddmund Sylta i eit lesarinlegg til Avisa Nordhordland.  

LES OGSÅ: Fedje-ferja har gått på grunn - passasjerar måtte evakuerast i livbåt

Problem med mat, post, møter, skule osv.

Onsdag var difor ein dag Fedje-folket har sett fram til lenge.

– Dette skaper nok veldig jubel på øya, det er nok riktig å seie, seier Fedje-ordførar Stian Herøy til Avisa Nordhordland.

Han legg ikkje skjul på at dei vel 550 innbyggjarane har vore gjennom ein hard periode før og gjennom jula og i starten på det nye året. 

– Det har vore ein veldig frustrerande periode med ustabilitet, seier han.

LES OGSÅ: Skeptisk til reserveferja

– Kan du utdjupe kva som har vore dei største problema?

– Det er eit ganske vidt spekter med problem. Vi har ikkje fått ut matvarer, og får ikkje post inn. Folk kjem ikkje til øya på møte og jobb, og det er problem når ein skal reise sjølv. Vi har mange bebuarar som pendlar på arbeid. Skuleungane har heller ikkje alltid nådd skulen når dei skulle. Det har vore ein veldig problematisk periode, seier Fedje-ordføraren. 

LES OGSÅ: Dette likar vi, Norled!

Krev betre backup

Han opplyser at kommunen no jobbar politisk opp mot fylkeskommunen, som har ansvaret for Skyss si ferjedrift i Hordaland.

– Vi er ikkje fornøgd med den sikkerheita vi har hatt i denne situasjonen, så vi ønsker eit betre backupsystem. For vår del er dagens ordning openbart ikkje god, seier Herøy. 

LES OGSÅ: Må ha eksperthjelp for å fiksa MF «Fedjefjord»

Samtidig håper og trur Høgre-ordføraren på langt meir stabilitet med nyreparerte «Fedjefjord» tilbake som normalt.

– «Fedjefjord» har vore ei stabil ferje over lang tid. Vi håpar den er oppe og går no. Så jobbar vi som sagt med å få til betre backup om noko skulle skje. Vi skal i møtet med fylkesvaraordførar (Pål Kårbø) og fylkesrådmann (Rune Haugsdal) måndag, så får vi sjå kva som skjer, seier Herøy. 

LES OGSÅ: No er det tomt for reserveferjer i Hordaland

Artikkeltags