Fagforeiningskjempe kasta inn i nominasjonskampen til Hordaland Ap

Leif Sande frå Lindås Ap går for ei karriere på Stortinget. Foto: Lindås Ap

Leif Sande frå Lindås Ap går for ei karriere på Stortinget. Foto: Lindås Ap

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Leif Sande (64) frå Lindås er spelt inn til Hordaland Ap si stortingsliste. – Eg håpar på sikker plass, seier han.

DEL

Sande har 33 år som nestleiar og leiar i LO-forbundet Industri og Energi bak seg. Han går av som leiar i organisasjonen for tilsette innan olje, gass og landbasert industri i 2018. No har han sagt ja til å vere Lindås Ap sin føretrekte kandidat til Hordaland Ap si stortingsliste.

– Eg har fått ein forespurnad frå mitt lokale partilag, og har sagt ja, skriv Sande på Facebook, melder BA.

– Om eg får ein sikker plass eller blir valt inn, veit eg ikkje enno. Men eg håpar og er takknemleg for å bli foreslått.

Frå før er det kjent at fagrøyrsla i Bergen sin føretrekte kandidat, Per Rune Henriksen, trekk seg frå nominasjonen. Sju av 12 partilag i Bergen har Jette Christensen som sin førstekandidat.

Innstillingsutvalet i Ap i Bergen hadde deretter Eigil Knutsen (27) og Ruth Grung (57) som sine føretrekte kandidatar.

Eigil Knutsen og Ruth Grung

Frå før er det kjent at Magne Rommetveit frå Stord vil ta gjenval. Normalt har Bergen og distriktet annankvar plass på lista. Det vakte reaksjonar då Bergen tok tre av dei fire første plassane ved forrige nominasjon.

Sande skriv på si eiga Facebook-side at det er «mange år siden jeg har vært aktiv i politisk arbeid, men litt erfaring har jeg etter noen år i kommunestyre, fylkesting, fylkesutvalg og som vara til Stortinget».

– Eg tror eg skal kunne klare å representere Hordaland, Nordhordland, og partiet på ein god måte, og håper også eg skal kunne få nytte av min kunnskap om forholda i arbeidslivet, solidaritetsarbeid, næringspolitikk og energipolitikk. Og ikkje minst trekke på at eg no tilhøyrer den gamle garde og kan gje nokre andre perspektiv på ting enn før.

Artikkeltags