BT: – Einige om framtida til skulane

USIKKER FRAMTID: Hordaland fylkeskommune vil legga ned Austrheim VGS, men skulen kjempar det den kan for sin eksistens. Arkivfoto: Yngve Garen Svardal

USIKKER FRAMTID: Hordaland fylkeskommune vil legga ned Austrheim VGS, men skulen kjempar det den kan for sin eksistens. Arkivfoto: Yngve Garen Svardal

Artikkelen er over 3 år gammel

Fylkestinggruppene til Ap, Sp og KrF skal ha blitt einige om framtida til dei vidaregåande skulane i Hordaland.

DEL

Det meldte Bergens Tidende (krev innlogging) tirsdag.

– Vi tre partia har ein god tone, men vi går vidare for å finne minst eitt parti til, slik at vi veit vi har fleirtal for ei løysing, seier Tore Andre Ljosland (KrF) til avisa.

Ifølgje BT er det natruelg å søke støtte hjå SV, som koalisjonen har eit budsjettsamarbeid med.

Ingen av kjeldene avisa har vore i kontakt med vil gå ut med detaljar om kva partia har blitt samde om.

– Ikkje heilt i havn

Fylkestingspolitikar frå Nordhordland, Pål Kårbø (KrF), vil ikkje forskottera noko når Avisa Nordhordland tar kontakt onsdag.

– Vi er ikkje heilt i hamn, men dialogen er god. Eg ønsker ikkje å gå i detaljar, men vi ønsker å byggja ein breiast mogleg allianse, seier Pål Kårbø til Avisa Nordhordland.

Heller ikkje Senterpartiet sin Jon Askeland kan stadfesta noko onsdag føremiddag. 

Høgre vil ha to skular

Høgre, som sit i opposisjon på fylkestinget, har allereie bestemt kva fylkestinggruppa skal meine.  

Onsdag sende partiet ut ei pressemelding om at dei vil oppretthalde Austrheim vidaregåande skule og vidareføre dagens studieplassar på Knarvik vidaregåande.

– Vi håpar å få fleirtal for dette når fylkestinget skal ta endeleg stilling til skulebruksplanen i oktober, seier Nordhordland-duoen May Eva Sandvik og Nils Marton Aadland, som begge representerer Høgre i fylkestinget.

– Austrheim vidaregåande skule er i ein særstilling. Mange av elevane ved skulen vil få svært lang reisetid dersom dei skulle blitt overført til Knarvik vidaregåande skule, argumenterer dei. 

Ifølgje BT vil partiet også redde Bergen Maritime videregående skole, Fitjar videregående skole og Rubbestadnes videregående skole.

Massive protestar

Det var i vår første utkast av skulebruksplanen vart presentert av administrasjonen i fylkeskommunen. Av den gjekk det fram at Austrheim vidaregåande skule vert foreslått nedlagt.

Det forslaget har ført til massive protestar av eit samla Nordhordland. Politikarar, kommunar, næringsliv, media og folk flest er samde om at dei vidaregåande skulane må bestå.

I etterkant har fylkesrådmann Rune Haugsdal presentert eit nytt forslag der Austrheim vidaregåande skule får leve under føresetnad av at kapasiteten vert tatt ned med 300 plassar ved Knarvik VGS.

Dette forslaget har blitt oppfatta som forsøk på splitting, og kravet frå Nordhordland er at begge skulane består og blir vidareutvikla.  

Saka skal no opp til politisk behandling, og planen til administrasjonen kan då bli omkalfatra. Kva som blir det endelege utfallet blir først klart når planen kjem opp i fylkestinget i oktober.

Artikkeltags