Austrheim, Fedje og Meland blant kommunane som får størst vekst

Statsminister Erna Solberg og finansminister Siv Jensen under framlegginga av neste års statsbudsjett i Stortinget i dag.

Statsminister Erna Solberg og finansminister Siv Jensen under framlegginga av neste års statsbudsjett i Stortinget i dag. Foto:

Austrheim, Fedje og Meland er blant kommunane i Hordaland som kjem best ut av neste års statsbudsjett.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Skal kommunane halde tritt med kostnadsveksten, må veksten over statsbudsjettet vere på 2,6 prosent. Bergen får ein vekst på 3,1 prosent, mens Os, Austrheim, Austevoll og Fedje klokkar inn på 4,4 - 3,5 - 3,0 og 3,7 prosent og er dei kommunane som kjem best ut av neste års statsbudsjett.

Det melder BA torsdag.

Samla får kommunane i Nordhordland og Gulen 42,6 millionar kroner meir over neste års statsbudsjett enn dei gjorde inneverande år. I prosent ligg auken for den enkelte kommune på mellom 1,5 til 3,7 prosent.

Gulen i Sogn og Fjordane får ein vekst på 2,7 prosent, som utgjer 4,506 millionar. Kommunane i regionen vår får samla dermed 47,11 millionar kroner meir enn inneverande år.

Ein slik reell vekst i inntektene meiner Frp sin nye finanspolitiske talsmann Helge André Njåstad bør brukast til skattekutt.

– Bergen gjekk med ein milliard i overskot i fjor, og budsjetterer med nesten 900 millionar kroner i eigedomsskatt i år. Det er å forvente at dei kuttar i eigedomsskatten no, seier austevollingen.

På motsatt enda av kommuneskalaen i Hordaland, altså kommunar som får ein nedgang i sine inntekter, finn vi mange av dei små kommunane utan folkevekst - som Eidfjord, Ulvik og Granvin. Her er veksten på knappe 1 prosent - det vil seie ein nedgang på 1,6 prosent.

Helge Andre Njåstad
Listetopp FrP

Helge Andre Njåstad Listetopp FrP Foto:

Frp gjekk til val på å forby eigedomsskatten, men Høgre sa blankt nei. Njåstad seier at i budsjettet dei legg fram vil dei redusere kommunane sin moglegheit til å auke skatten frå 2 til 1 promille per år.

– Det er starten på vårt mål om å redusere eller fjerne eigedomsskatten på hus og hytter, seier Njåstad.

– No er det vel slik i statsbudsjettsamanheng at kommunane uansett vil seie at dei får for lite og at regjeringa sviktar?

– Eg er heilt sikker på at folk seier at det burde vore avsett meir. Dei som har skoen på vil alltid seie det, men mi klare forventning er at dei begynner å sette ned eigedomsskatten, seier Njåstad.

For Hordaland fylke sin del er veksten i frie inntekter på 2,1 prosent, altså eit «kutt» på 0,5 prosent.

Slik er tala for kommunane i Hordaland:


Vekst frå 2017 (tal i tusen kroner) Vekst i prosent
Bergen 435 065 3,1
Etne 5 046 2,1
Sveio 7 583 2,4
Bømlo 10 117 1,5
Stord 22 253 2,3
Fitjar 3 186 1,7
Tysnes 3 508 1,9
Kvinnherad 18 020 2,5
Jondal 888 1
Odda 6 177 1,5
Ullensvang 3 404 1,5
Eidfjord 814 1,1
Ulvik 939 1,1
Granvin 783 1,1
Voss 23 792 2,9
Kvam 10 465 2,1
Fusa 3 275 1,4
Samnanger 2 264 1,5
Os 35 057 4,4
Austevoll 9 840 3
Sund 11 380 3
Fjell 33 108 2,6
Askøy 41 854 2,8
Vaksdal 5 103 2
Modalen 1 074 2,4
Osterøy 7 087 1,7
Meland 12 767 3
Øygarden 6 398 2,4
Radøy 6 655 2,3
Lindås 12 068 1,5
Austrheim 6 055 3,5
Fedje 2 067 3,7
Masfjorden 1 918 1,5
Hordaland fylkeskommune 132 114 2,1

Artikkeltags