Redningsaksjonen er avslutta: I dag skal det søkast under vatn

Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Søket etter Jan Rydheim (56) er avslutta som redningsaksjon. Vidare søk skjer i samråd med politiet.

DEL

(BA): Søket blei avslutta som redningsaksjon klokka 17.00 søndag.

Politiet opplyser søndag kveld at søket no går over i ein ny fase.

– Vidare søk no, vil vere etter ein antatt omkomen person, skriv politiet i ei pressemelding.

– Når Hovudredningssentralen avsluttar sin aksjon, så er det eit signal om at det ikkje er håp om å finne han i live i dette området, seier operasjonsleiar Dag Olav Sætre ved Vest politidistrikt.

Politiet har kontinuerleg kontakt med dei pårørande til den sakna.

Båten forsvunnen

– Det er gjort funn av merker på eit skjer i søksområdet, som har gjort at vi har konsentrert søket dit, sa operasjonsleiar Dag Olav Sætre ved Vest politidistrikt tidleg søndag.

På samme stad er det også funne plastrestar og anna avfall i vatnet, som blir undersøkt om det kan ha samanheng med den sakna båten.

– Desse tinga er imidlertid ikkje avklart om det kan stamme frå båten. Det sikraste sporet vi har no, er avskrapingane på skjeret, sa Sætre.

Verken båten eller sakna Jan Rydheim (56) er funne.

Søket blei søndag morgon trappa opp i området Austreim/Fedje. Det blei søkt med fem småfly, tre redningsskøyter, båt frå Røde Kors og fleire frivillige.

Politiet etterlyst mannen og båten med fullt bilde og navn. Foreløpig har det ikkje komme inn tips i saka.

Startar søk under vatn

Måndag får politiet bistand av firma med kompetanse på søk under vatn.

Det vil då bli gjort vidare undersøkingar i området kor det tidligare søndag blei observert merker på eit skvalpeskjer.

Har du sett denne mannen, eller båten, kontakt politiet på 02800 eller Hovedredningssentralen på 51 64 60 00

  • Rydheim køyrde ein «Paragon» 31 fots fritidsbåt frå Sandnessjøen i Nordland og skulle eigentleg nå Hjellestad i Bergen fredag i 12.00-tida.
  • Siste observasjon av mannen var ved nordsida av Fensfjorden, på veg til Bergen.
  • Fredheim skulle selje båten i Bergen. Klokka 10.30 på fredag snakka han med ein kamerat på telefonen. Plutseleg høyrde vennen eit dunk og samtalen blei broten.
  • Vennen kontakta Hovudredningssentralen.
  • Hovudredningssentralen ønsker å komme i kontakt med eit mindre fartøy som passerte Fensfjorden frå Brosmeosen til Vetegjøgra mellom klokka 10 og 11 fredag 23. november.

Artikkeltags