Trafikkulykke på E16: Bil treft av isblokk

Ein bil blei treft av ei isblokk ved Evanger.

DEL

(BA): Politiet melde om saka klokka 09.30 1. juledag.

– Ei isblokk har falle ned på ein bil, opplyser dei.

Den traff framre del av køyretøyet.

– Bilføraren er bevisst og har smerter i brystet. Vedkommande har komme seg ut av bilen, opplyser politiet.

Den kvinnelege sjåføren sat åleine i bilen. Ho skal ha klart å svinge delvis unna då isblokken kom dundrande.

– Bilen har fått store skadar og må tauast, seier vaktkommanødr ved 110-sentralen, Håkon Myking.

Kvinna skal ikkje vere alvorleg skadd.

Trafikken passerer på staden.

Artikkeltags