Lothepus har strupekreft

Leif Einar Lothe, meir kjend som «Lothepus», har fått strupekreft og får no strålebehandling ved Haukeland sjukehus.

Leif Einar Lothe, meir kjend som «Lothepus», har fått strupekreft og får no strålebehandling ved Haukeland sjukehus. Foto:

I oktober fjerna Lothepus delar av stemmebandet for å hindre strupekreft, men det var ikkje nok.

DEL

(BA): I oktober kom nyheita om at Leif Einar «Lothepus» Lothe (49) måtte gjennom ein operasjon for å hindre utvikling av strupekreft.

Han fjerna delar av stemmebandet og fekk forbud mot å snakke i ein periode. Han fekk også streng beskjed om å stumpe røyken.

Men dette var ikkje nok for å bli frisk for 49-åringen og rikskjendisen frå Odda.

Laurdag skriv Dagbladet at prognosane var verre enn kva legane først hadde komme fram til. Det var meir i halsen til Lothe.

– Dei fortalde at det var pittelitt kreft nedi der, ja. Strupekreft. Så no må eg gjennom denne strålebehandlinga, då, fortel han i eit intervju med avisa.

Har busett seg i Bergen

49-åringen er sjukemeld og gjennomgår strålebehandling ved Haukeland sjukehus i Bergen.

I den anledning har Lothepus også flytta til byen for ein periode. Ifølge Dagbladet skal han gjennom totalt 33 strålebehandlingar, og han skal no vere halvvegs i prosessen.

– Eg blir veldig trøtt av den strålinga. Det svir litt, også er det vondt å svelge, men eg kan ikkje klage. Mange går ned i vekt, men eg blir berre feitare og feitare – sikkert fordi eg har slutta å røyke, seier han og ler.

7. desember skal han gjennom den siste strålebehandlinga. Då håper han også å komme tilbake i arbeid.

Lothepus får dialektpris 

Artikkeltags