Fløyfjellstunnelen var delvis stengt etter MC-stans

– Verst tenkelege tidspunkt, seier Statens vegvesen.

DEL

(BA): Politiet opplyste fredag klokka 15.25 at Fløyfjellstunnelen var stengt mot nord i venstre felt.

– Ein motorsykkel har stoppa i tunnelen. Politi og bilbergar er på veg, melde politiet på Twitter.

Klokka 15.35 kunne vegtrafikksentralen fortelle at motorsykkelen var fjerna, og tunnelen var open som normalt.

– Køen står heilt til Danmarks plass. Dette skjedde på verst tenkelege tidspunkt, men det var heldigvis ein kortvarig stans, seier trafikkoperatør Eirik Rystad Skånøy.

Ellers i trafikken var det lite å melde om.

– Det er kolonnekjøring på Hardangervidda. Ellers er det ikkje så mykje som skjer i vårt distrikt, seier Skånøy.

Artikkeltags