Ho blir ny meklarsjef i Eiendomsmegler Vest

Ny toppjobb: Veslemøy Tvedt Fredriksen blir ny administrerande direktør i Eiendomsmegler Vest.Arkivfoto: BA

Ny toppjobb: Veslemøy Tvedt Fredriksen blir ny administrerande direktør i Eiendomsmegler Vest.Arkivfoto: BA

TIdlegare styrleiar for Avisa Nordhordland, Veslemøy Tvedt Fredriksen, blir ny toppsjef i Eiendomsmegler Vest.

DEL

Det melde Sparebanken Vest i ei pressemelding tysdag. Tvedt Fredriksen kjem frå direktørjobb i Adams Matkasse.

Ho har tidlegare blant anna vore direktør i BA og Amedia Region Vest. Då var ho også vore styrleiar her i Avisa Nordhordland.

– Eg er utruleg glad for at Veslemøy ønsker å vere med å bygge Vestlandets leiande meklarforetak. Ho er ein operativ strateg med toppleiar-erfaring, som har oppnådd gode resultat i dei selskap ho har jobba i. Det er styrets oppfatning at ho vil bidra med ein spennende erfaringsbakgrunn og dei rette personlege eigenskapene til å løfte selskapet vidare for å nå våre ambisiøse mål saman med dei tilsette, seier Ragnhild Fresvik, styreleiar i Eiendomsmegler Vest i pressemeldinga.

– Først og fremst gler eg meg til å leie den vidare satsinga til Eiendomsmegler Vest. Selskapet har vore igjennom ei betydeleg omstilling, og viser god utvikling både i vekst og lønnsemd. Styret og administrasjon har gjort viktige grep for å modernisere drifta og løysingar ut mot kunden, så eg oppfattar at det er eit godt utgangspunkt å jobbe vidare frå. Eg gler meg til å bli kjent med ein ny bransje og ein svolten organisasjon, seier Veslemøy Tvedt Fredriksen.

Artikkeltags