Bilbrann i garasjeanlegg i Åsane

Brannen førte til stor røykutvikling i området.

Brannen førte til stor røykutvikling i området. Foto:

Av og

Minst éin bil og tre garasjer er skadd i brann.

DEL

(BA): Klokka 16.49 fekk politiet melding om at det brann i ein bil i ein garasje i Prestestien i Åsane.

– Det skal vere ein god del flammar og røyk, men det er ingen personar i garasjen, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Stein Rune Halleraker, til BA.

Brannen har oppstått i ein garasje i et garasjerekke med 12–15 garasjar, melder brannvesenet.

– Eg veit ikkje kor mange bilar som er involvert, men det kan verke som om brannen har starta i ein bil. Då brannvesenet kom fram, var det full overtenning i ein garasje, og brannen hadde spreidd seg til to nabogarasjar, seier vaktkommandør ved 110-sentralen, Ronald Drotningsvik.

Brannvesenet kom til staden klokka 16.52. Prestestien ligg berre nokre få hundre meter frå brannstasjonen i Åsane.

– Klokka 17.00 melde innsatsleiar at flammane var slått ned, seier Drotningsvik.

Politiets innsatsleiar på staden, Tordis Myrseth, seier at dei har sperra av eit stort område fordi brannen forårsaka mykje røyk.

– Det er ikkje lenger fare for spreiing, seier Myrseth.

Politiets innsatsleiar Tordis Myrseth rykte ut til Prestestien måndag ettermiddag.

Politiets innsatsleiar Tordis Myrseth rykte ut til Prestestien måndag ettermiddag. Foto:

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags