Gå til sidens hovedinnhold

Desse ti reportasjane vart mest lest i 2017: Fekk du dei med deg?

Artikkelen er over 3 år gammel

Gjennom året har avisa Nordhordland publisert mange reportasjar med eit breitt spekter av tema som har skapt stort engasjement. I denne saka summerer vi opp dei ti abonnement-reportasjane som har vekt størst interesse i 2017 og som har blitt lesne av flest abonnentar.

1: Ekstremt sjeldan sjukdom gjer Marion dårlegare og dårlegare. Ingen klarer å hjelpe

Reportasjen handlar om den 28 år gamle tobarnsmora Marion frå Lindås, som etter fleire år med ekstreme smerter og kamp om å bli trudd, får påvist ein sjukdom som er så sjeldan at legane ikkje trur det kan stemme.

Les også

Ekstremt sjeldan sjukdom gjer Marion dårlegare og dårlegare. Ingen klarer å hjelpe

2: Innsåg at dei hadde bomma og skifta ut varene: – Dette er framtida!

Kjøpmannen ved Matkroken i Knarvik innsåg at dei hadde bomma på vareutsalet, og gjorde heilomvending: Han gjekk i «all in» og satsar alt på sin store lidenskap: Lokalmat.

Les også

Innsåg at dei hadde bomma og skifta ut varene: – Dette er framtida!

 

3: Benedikte (33) og Morten (35) og satsar alt på bondelivet – i robotfjøs

Det unge ekteparet har tatt eit val som ikkje akkurat er typisk for folk i deira alder: Dei satsar alt dei har på å drive gard. Men dei gjer det på det moderne viset, og styrar mjølkefjøsen via app.

Les også

Benedikte (33) og Morten (35) og satsar alt på bondelivet – i robotfjøs

 

4: Kjøpte båt 150 mil unna – fekk eventyr på kjøpet

Som tolvåring kjøpte Stig Morten sin første båt. No har 18-åringen investert sparepengane sine i ei fiskeskøyte. Reisa for å hente båten frå Harstad til Radøy blei ei oppleving for livet.

Les også

Kjøpte båt 150 mil unna – fekk eventyr på kjøpet

 

5: – For oss er nordlyset blitt ei heilag stund. Det er symbolet på at pappa er her

Far til Gøril hadde gått ei stund og kjent på at noko ikkje var som det skulle, men frykta for kva det kunne vere stoppa han frå å gå til legen. Etter at han døydde av kreft bestemte dottera seg for å gjere noko heilt spesielt for å heidre han. Denne saka var det Firda som skreiv, men den vart også publisert på nordhordland.no.

Les også

– For oss er nordlyset blitt ei heilag stund. Det er symbolet på at pappa er her

 

6: Slik er det når familien på 12 dreg på ferie: – Vi har det aldri keisamt!

Slitsamt å pakke til familien før sommarferien, syns du? Då kan du jo tenke deg korleis det er å førebu ferien for 12 personar! I denne saka møter vi ein familie på 12 som meiner dei har funne ei perfekt løysing på korleis dei kan reise på tur kvar sommar.

Les også

Slik er det når familien på 12 dreg på ferie: – Vi har det aldri keisamt!

 

7: 88 år og 1800 dugnadstimar: Dette er historia til ein sjeldan, Nordhordlandsk skatt

Eit verkstadbygg mellom grøne, bølgande bøar på Fammestad skjuler ein sjeldan skatt. I saka får ein innblikk i det innhaldsrike livet til ein Chevrolet 29-modell.

Les også

88 år og 1800 dugnadstimar: Dette er historia til ein sjeldan, Nordhordlandsk skatt

 

8: – Eg trur ikkje det er så lett for enkelte kristne, homofile tenåringar å få slengt eit nei frå 13 prestar rett i fleisen

Etter at kyrkja opna for at homofile kan gifte seg i kyrkja, fann avisa Nordhordland ut at 13 av 15 prestar i Nordhordland likevel ville seie nei til å vigsle homofile. Det fekk fleire til å reagere.

Les også

– Eg trur ikkje det er så lett for enkelte kristne, homofile tenåringar å få slengt eit nei frå 13 prestar rett i fleisen

 

9: Fridtjof frykta flyktningane – Så fekk han 40 unge flyktningar i nabolaget

Saka handlar om Fridtjof Kampevold som var så uroa over at han skulle få asylmottak i nabolaget at han sende eit ope brev til ordføraren og fortalde om frykta. – Eg hadde høyrd frå andre stader i Noreg der dei ikkje torer å senda ut døtrene sine på eiga hand om kveldane, sa han. Men etter at flyktningane kom på plass, gjekk det opp for han at frykta var grunnlaus.

Les også

Fridtjof frykta flyktningane – Så fekk han 40 unge flyktningar i nabolaget

10: Øyperla er pussa opp for halvannan million

Den idylliske øyperla Solholmen i Alverstraumen har blitt pussa opp for halvannan million. No planlegg den nye drivaren både bryllaup og konfirmasjonar.

Les også

Øyperla er pussa opp for halvannan million

 

Kommentarer til denne saken