Her tok politiet 14 bilførarar på 90 minutt

TRAVELT: På denne strekka er det 60-sone. Det er det langt i frå alle som respekterer.

TRAVELT: På denne strekka er det 60-sone. Det er det langt i frå alle som respekterer. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Varslar fleire kontrollar framover. – Me må få ned snitthastigheita.

DEL

Onsdag føremiddag var politiet på plass på Seim for å ha ein fartskontroll i 60-sona mellom tunnelane.

I løpet av 90 minutt vart heile 14 råkøyrarar tatt, den høgaste hastigheita var 83 km/t i 60-sona. Vedkomande må rekna med ei bot på 6500 kroner.

– Det er ei hensikt med at ein har 60-sone der og den bør respekterast, seier lensmann Kjell Idar Vangberg til avisa Nordhordland.

LES OGSÅ: Han har ansvaret for at Norge sitt mest avanserte missil vert avfyrt.

Han viser til at det er eit kryss og at fotgjengarar kryssar vegen på staden.

– Me kjem til å ha ein del kontrollar der framover for å få ned gjennomsnittshastigheita, seier han.

Han seier at mange registerer at det er 60-sone på staden, men at dei ikkje seinkar hastigheita nok.

– Når me tek folk som køyrer i 70-71 km/t har dei fått med seg at farten er 60, men dei har ikkje seinka farta nok, peikar han på.

– Dette er ei sone som folk bør respektera. Me har hatt dødsulykker og andre ulykker der før, peikar han på.

LES OGSÅ: – Deilig med sommarferie i Austrheim!

Han viser til at moglegheitene for å køyra forbi bilar som skal av og på fylkesvegen er utfordrande.

– Ein kan legga seg inn i busslomma. Men plutseleg så står det nokon det. Det er ikkje eit godt kryss, seier han.

Han viser til at dess høgare fart folk har forbi der, dess vansklegare vert det for bilistar som kjem frå Seim og vil ut på hovudvegen.

– Me har dei samme utfordringane i 50-sona i Røsvikdalen. Folk ventar og ventar for å komma seg ut i vegen, og til slutt tek dei sjansar dei ikkje burde tatt. Om fartsgrensene hadde vorte respektert hadde det vorte lettare å ta seg ut i vegen, seier han.

Vangbert seier det er viktig å ikkje berre ta rasarane.

– No er me ute 24 timar i døgnet og patruljane har trafikk som ei av primæroppgåvene sine. Det er ikkje ei vakt no der me ikkje har kontrollar på kvelds og nattestid, åtvarar han.

LES OGSÅ: Kristine (87) vart redda ut av forbipasserande

Artikkeltags