Med ei omsetningsauke på meir enn 25 prosent frå 2013 til 2014 er det rekordår for Tekstil-Stova og innehavar Monica Monslaup. Januar har hatt rekordsal, og i strikkebutikken på Mastrevik merkar dei godt strikkedilla.

–Strikking er veldig i tida, og mange trur at det er berre dei eldre som strikkar, men etter at mellom anna Skappel-genseren kom, er det fleire og fleire unge som strikkar. Dei har og ofte eigne strikkeklubbar, fortel Monslaup. Sjølv om ho har litt anna utval i butikken også, er det garn og mønstre som går som varmt kveitebrød.

LES OGSÅ: Strikkedilla i fjerne strøk

– Også Marius-mønsteret har tatt heilt av. No strikkar folk til og med «magebelte» til Zaloflaska, og «strikkegenser» til vindunken, fortel Monslaup.

Enkelt

Monicka fortel at då Skappel-genseren kom merka butikken eit stort oppsving.

–Folk fann ut at det ikkje var så avansert å strikka. Det er mykje å velja mellom. Vi ser at mange strikkar gode oppvaskeklutar også, fortel ho. Strikkeprogrammet på NRK?frå Salhus vekte også interessa til liv hjå mange, og etter januar månad med rekordsal er det ingen ting som tyder på at strikkedilla vil minke.

Opprusting og utviding

Mastrevik torg med sine ti butikkar, pluss næringshagen har hatt ei omsetningsauke på fem prosent i fjor, samanlikna med året før.

LES OGSÅ: Strikkedilla på nettet

Senterleiar Solveig Lerøy er svært fornøgd, og fortel at det er store planar for senteret.

– Både opprusting og utviding står på beddinga, så håper vi å få på plass Vinmonopolet her i løpet av eitt til to år, slik at vi minskar handelslekkasjen, seier ho. Lerøy fortel at senterleiinga også har arbeidd for å skapa ein sosial møteplass.

– No har vi kafédrift i senteret to til tre dagar i veke, som er driven av frivillige lag og organisasjonar. Vi ønskjer at Mastrevik Torg skal verte ein møteplass, seier ho.

Eit flott parkområde rundt senteret som no er under oppbygging, vil også gjera Mastrevik Torg meir attraktivt i framtida. Omsetjinga for næringane på Mastrevik Torg var i 2013 på meir enn 122 millionar kroner.

LES OGSÅ: Strikkefeber gir garnmangel