Det kom fram under ei orientering i kommunestyret i Lindås, torsdag.
Varabrannsjef Nils Medaas la fram ein statistikk som viste at det på E39 over Flatøy og på Fylkesveg 57 har det gått med heile fjorten liv frå januar 2000 til midten av mai 2012.
LES OGSÅ: Trafikkpris til Lindås og Austrheim
Det er sju på kvar av strekkene.
I tillegg er heile 49 meget eller alvorleg skadde i same tidsperiode. Det er høvesvis 32 på E39 og 17 på FV 57.
263 personar er lettare skadde på dei to aktuelle strekkene i same tidsperiode.
– Og då har me ikkje tatt med det som skjedde rett over på andre sida av Nordhordlandsbrua, der har det i alle fall vore tre dødsulykker på same tida, sa han.
– Dette er prisen me må betala for å leva i ei høgrisikosone, sa han vidare.
LES OGSÅ: – Nordhordlandspakken tåler ikkje nye utsettingar
Medaas understreka at det kostar pengar å driva med trafikksikring.
– Det kostar, men det kostar mykje meir med kvar ei ulykke som er, sa han i eit sitat frå Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes.
– Om de sparar mykje pengar på brannvesenet og gjer oss dårlege kår, er det enno fleire som får det verre, sa han.
– Det er det som er tryggingsnettet vårt, peika han på.
Medaas la fram statistikken for brannvesenet i Lindås og Meland i 2012, som viste at dei rykka ut på heile 230 ulike oppdrag i 2012.
Mellom anna 43 bilulykker og 36 byggningsbrannar.
LES OGSÅ: Fekk over to år i fengsel for bildrap
Medaas passa på å takka politikarane for at dei hadde satsa på det lokale brannvernet. For som han sa, det har ikkje alltid vore slik.
– Det var ei stund me hadde så gamle bilar at eg var glad dei hadde raude fargar, så folk ikkje trudde det var veteranvognklubben som var ute og køyrde.
– Difor er eg glad for at de har gjeve oss moglegheitene til å gjera det vesle ekstra, slutta han.