18. mai klokka ni om morgonen nådde den spreke masfjordingen toppen av Makalu i Nepal. Med sine 8481 moh er dette verdas 5. høgste fjell.

Tidlegare har som kjent Arvid Lahti bestege verdas høgste fjell, MT Everest frå både sør og nord. 19. mai 2012 nådde han toppen frå Nepal, og nøyaktig eit år seinare frå Tibet. Og no nesten nøyaktig eit år etter, Makalu.

LES OGSÅ: Arvid er unik i Norge

– Det er ei fantastisk bragd Arvid har gjort. Makalu er eit teknisk svært vanskeleg fjell å bestiga, seier turoperatøren hans, Marit Andreassen.

– Han fortel på telefon frå Kathmandu at denne turen var hardare enn Mt. Everest, seier ho.

Hovudtoppen på Makalu er isolert og med form som ein firesida pyramide. På Makalu-massivet ligg det òg to noko lågare toppar, Kangchungtse og sørausttoppen.

Det første forsøket på å klatre opp Makalu blei gjort av ein amerikansk ekspedisjon våren 1954. Dei prøvde å kome seg opp på sørsida av fjellet og nådde 7 100 m. Eit newzealandsk lag med blant anna Edmund Hillary som medlem prøvde også å klatre opp fjellet på om lag same tid, men kom aldri nemneverdig høgt opp på grunn av skade og sjukdom.

LES OGSÅ: Arvid (55) nådde toppen av Mount Everest to gonger i løpet av eit år

Hausten 1954 var ein fransk ekspedisjon dei første som nådde toppen av den mindre Kangchungtse.

28 menneske har mista livet i forsøket på å komma seg til toppen, viser statistikk frå denne nettsida.

Den same nettsida viser at det har vore folk på toppen 323 gonger per 2009.

21. april 2004 stod nordmannen Sven Gangdal på toppen, og ti år seinare stod altså Arvid frå Masfjorden på toppen.

Lahti er ein ivrig toppturar og har vore to gonger på Mount Everest før, seinast i fjor. Grunnen til at han elskar å klatra toppar er utfordringa han får.

LES OGSÅ: Lahti klar for nytt eventyr i Himalaya

– Det er spennande å tole den høgda. Dessutan er det ei fantastisk naturoppleving. Eg har alltid vore fascinert av fjell, sa Lahti i eit intervju med Nordhordland sommaren 2013.

Det var i Masfjorden det starta. I 30-årsalderen var han i dårleg form, men då han nærma seg 40 begynte han å trene seg opp med å gå fjellturar. Med Kilimanjaro som første «store» fjell ut, starta eit nytt fjelleventyr for masfjordingen.

– Eg trudde ikkje det var mogleg i min alder å gå slike fjell i det heile. Men det er akkurat som med alle andre typar idrett og hobby føler ein at ein meistrar noko, er det artig å drive med det, fortalte han i det intervjuet.

Slik ser Arvid si merittliste ut:

* Kilimanjaro 5895 moh 2003

* Cotopaxi 5898 moh 2003 (5400m)

* Aconcagua 6962 moh 2005 (6200m)

* Everest Base Camp/Kala Pattar 5500 moh 2006

* Vallecitos 5500 moh 2007

* Aconcagua 6962 moh 2007

* Toubkal 4165 moh 2008

* Cho Oyu 8201 moh 2009

* Mt. Kenya 4985 moh 2011

* Mt. Everest frå sørsida 8850 moh 2012

* Island Peak 6189 moh 2012

* Ama Dablam 6812 moh 2012

* Mt. Everest frå nord8850 moh 2013

* Makalu 8481moh 2014