– Kona mi og eg kom fram på hytta fredag ettermiddag. Lørdag morgon vart vi vektw til lyden av ein hardt arbeidande hakkespett. Auga vart store då eg såg holet den flittige spetten hadde laga, fortel Roar Sørensen frå Nesttun.

Rett under lykta som heng på hjørnet av hytta, har ein hakkespett laga eit hol på storleik med ein tennisball. Holet må ha kome i løpet av dei to siste vekene, for sist Sørensen og kona såg hytta var den heilt fin. Sørensen er ikkje overbegeistra over framferda til den ubedne gjesten.

LES OGSÅ: Dyr tar strømmen

– No har eg spikra på ein tjukk planke, men eg er litt bekymra for at fuglen skal hakka seg gjennom den og.

Invasjon av flaggspetter

Om hausten er det sesong for spettskader og fugleekspert åtvarar om ein kjempeinvasjon av flaggspettar på Vestlandet.

– I år har vi ein kjempeinn-vasjon av flaggspettar. Det skjer kvart tiande år. Du kan roa folk med at dei ikkje blir verande så lenge. Snart flyr dei austover mot Russland og Finland, fortel fugleekspert ved Universitetet i Bergen, Arild Breivik.

LES OGSÅ: Hakkespett plaget kirken

Han er tilknytt Norsk Ornitologisk Foreining (NOF), og dei mottar mange førespurnader kvart år om hakkespettar som gjer skade på bygningar.

– Mest sannsynleg er flaggspetten på utkikk etter mat, og trur at den høyrer larvar og insektar inne i treverket på hytta, meiner Breistøl.

Elskar raudt

Når spetten er på jakt etter næring eller overnatting slik som her, kan NOF koma med interessante opplysninga. I byggefelt eller hyttefelt blir som regel berre eit hus eller ei hytte ramma. Som oftast er fargen på bygningen raud, akkurat slik som med hytta til Sørensen.

LES OGSÅ: Sverige bruker 200 millioner på hakkespetten

– Eg har tatt bilde av skadeverket, og sendt det rundt til dei andre i området, men førebels er det ingen andre som har blitt råka, seier Sørensen.

I Sverige har ein funnet ut at spettene skyr blåfarge. Opphen-ging av blått fargeband kan vera verd forsøket. Dette kan hengast på dei plassane der spetten er mest aktiv, opplyser NOF på sine nettsider.

LES OGSÅ: Utryddet hakkespett lever