– Eg plar å løpe opp hit rundt ein gong i veka, men no er det ein stund sidan sist. Eg bur på Holme, og det er fint å ha ein slik tur i nærleiken. Vanlegvis spring eg heimanfrå, men i dag valde eg å starte litt lengre inne. Det er ein fin tur kor høgdemetrane kjem kjapt samstundes som ein får utsiktspunktet på toppen, fortel han.

Ketil trimmar nokre gonger i veka, og i motsetning til mange av dei som går i fjellet er han ikkje oppteken av å notere namnet sitt i turbøker eller å vere med på konkurranser.


– Eg har vore her så mange gonger, og gjer det mest for mosjonen og treninga sin del. Då er det viktigare å sjå kor fort eg går. Eg er blitt for gamal for toppidretten, og då er det fint å kunne halde seg i form på andre måtar, seier han.

UT PÅ TUR

Knarvik Senter og Avisa Nordhordland vil i ein serie i sommar presentere dei ti flotte fjelltoppane som er med i Tursekken 2017. Dette er ein konkurranse fram til 31. august i regi Knarvik senter og ei rekke samarbeidspartnarar, deriblant Avisa Nordhordland.

Turstoffet er levert av skribent i Senteravisa, Benedicte M. Torsvik, og turgåarar som deler bilde på Instagram.

All informasjon om korleis du deltar i konkurransen finn du på www.knarviksenter.no. Last gjerne opp bilde på Instagram med emneknaggen #avisanh i tillegg.

 

Bratt mot toppen

Toppen av Brakstadfjellet ligg 318 meter over havet, og er det nest høgste fjellet i Meland. Stien snirklar seg behageleg oppover fjellet, og er lett å finne. Du rekk å sjå den karakteristiske installasjonen til Luftfartsverket fleire gonger før du når opp. Turen passar for dei fleste, sjølv om det siste stykket kan vere litt bratt og kronglete.

 

Dette gløymer du imidlertid fort når du får sjå utsikta frå toppen. Her kan du sjå langt og i mange retningar på fine dagar. Kjem du med bil er det fint å parkere på Vollo. Herifrå kan du følgje ein fin grusveg forbi eit vanntårn. Når vegen er på sitt høgste tar du av på merka sti mot Brakstadfjellet.

Du bør rekne rundt to timar på turen, og det kan vere greitt å velje gode, vasstette sko. Myrtveit og Sjurdal er andre fine utgangspunkt for turen.