– Det er kjekt å vere ute i naturen, og turen gir god mosjon. Idrettslaget set opp postar kvart år, og i år er det mogleg å nå 6-7 av dei her frå Sleire. Det synst vi er veldig fint. I dag skal vi gå vidare til Gullbrekkefjellet, fortel dei to.
Risnes IL har sidan 2009 årleg arrangert motbakkeløpet Sleirsfjellet opp. Her finst det både konkurranseklassar og familievenlege mosjonsklassar ein kan delta i alt etter kva som passar for ein. Tove var med i komiteen, og tok tida på deltakarane på toppen.
– Dette er min 15. tur opp hit i år, men det er mange som går mykje. Det var ein konkurranse kor ein skulle gå ti gonger før Sleirsfjellet opp. Slike konkurransar ballar fort på seg, seier ho.
Aktiv i ferien
Ekteparet Rigmor Furnes og Svein Berg har hytte ytst i Arekletten i Masfjorden, og trivst med å være aktive med turgåing og kajakkpadling sjølv om det er ferie.
– Det er ein veldig fin tur. Vi har vore her før, men måtte berre gå her igjen. Det er like fantastisk kvar gong. Turen er godt merka samstundes som den er passe lang og bratt. Også er det så fin utsikt frå toppen, fortel dei to.
Sjølv om dei to går mykje på tur, skulle dei likevel ønskje at dei var flinkare.
– Det er den berømte dørstokken, kanskje bør vi berre ta den vekk, spør Svein med eit smil.
Rå rekord
Køyr til grendahuset på Sleire, her er det god parkering. Ta av på grusvegen inn mot Markusdalen ved skulemuseet. Etter nokre hundre meter går du til venstre på godt merka sti opp fjellet. Sjølv om rekorden ligg på 20.44 minutt til toppen vil ein normalt bruke om lag to timar på turen. Frå toppen er det nydeleg utsikt over skjærgården og fjella i Masfjorden og Gulen.

Bildeserie frå turen til Sleirsfjellet
Mi personlege oppleving denne dagen
Måndag 24. juli reiste eg til Masfjorden for å gå på Sleirsfjellet, den 7. av alle Tursekken-toppane eg har besøkt i sommar. Familien min på farsida kjem frå Torsvik i Masfjorden, og det var med andre ord relativt kjente traktar eg skulle besøke. Sjølv om eg har hatt selskap av familie og vener på alle turane så langt kan det ikkje samanliknast med den folkemengda som møtte meg på Risneskaien denne dagen. Eg hadde på førehand høyrt rykter om at far min hadde lokka med nokre av slektningane våre på tur, men at vi skulle telje 13 personar med nærare 70 år mellom yngste og eldste var både imponerande og overveldande.

Bli med på toppen av Indregardsfjellet
For meg vart denne turen eit heilt spesielt symbol på det fine og unike naturen har å by på. Sjølv om den relativt bratte stigninga opp Sleirsfjellet er kjend for å vere ein arena for motbakkeløp må det ikkje gå fortast mogleg mot toppen. Ti av oss gjekk til toppen, medan nokre heller fulgte grusvegen til endes i Markusdalen. Vi valde å stoppe mange gonger undervegs. Nokre gonger for å drikke vatn og få att pusten, andre gonger berre for å prate og ta ein bit sjokolade.
Dersom ein tar den tida ein treng er naturen tilgjengeleg for dei aller fleste av oss, noko som i tillegg til trening og mosjon opnar for flotte aktivitetar og sosiale opplevingar saman med vener og familie. For mange av oss kan det og representere eit nødvendig avbrekk og pusterom i den stadig meir digitaliserte kvardagen vi lever i, sjølv om det sjølvsagt er lov å plukke fram mobilen for å ta Tursekken-sjølfien på toppen.

Våte men like blide under første Trekantmarsjen

I fjor gjekk Birthe alle ti turane. Det vil ho gjenta i år