– Alle kjenner nokon med kreft

KLARE TIL INNSATS: – Målet er at alle heimane skal få besøk, seier Frida Fonnes Skre, aksjonsleiar ved Austrheim vidaregåande skule. Assisterande aksjonsssjef Tonje Sætre til venstre. foto: privat

KLARE TIL INNSATS: – Målet er at alle heimane skal få besøk, seier Frida Fonnes Skre, aksjonsleiar ved Austrheim vidaregåande skule. Assisterande aksjonsssjef Tonje Sætre til venstre. foto: privat

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Russen sluttar heilhjarta opp om årets kreftaksjon, så ta vel imot dei når dei kjem på di dør.

DEL

For 11. år på rad gjennomfører Kreftforeningen bøsseaksjonen Krafttak mot kreft.

– Vi vil gje dei som i dag ikkje kan bli frisk av kreft, flest mogleg gode år, seier generalsekretær Anne Lise Ryel.

Pengane som vert samla inn skal gå til forsking på livsforlengane behandling, og ein tredjedel til omsorgstilbod til pasientane og pårørande.

Søndag skal russen ved Austrheim vidaregåande gå sin årvisse runde med bøssser, og førstkommande torsdag vert Knarvik-russen sin aksjonsdag.

LES OGSÅ: Helge (65) har tatt lottogevinsten to ganger

Berører mange

– Mange har eit forhold til kreft og synest det er veldig viktig med vidare forsking, seier aksjonsleiar ved AVS, Frida Fonnes Skre.

– Eg kjenner sjølv folk som diverre har tapt kampen, og eg føler at det er mange som gjer det, legg ho til.

Frida fortel at det var veldig enkelt å rekruttera bøsseberarar blant russen på Austrheim.

– Dette var noko dei ville vera med på, seier aksjonsleiaren som har travle dagar nett no, i lag med resten av aksjonskomiteen.

Fredag var det «kick off» på skulen, med besøk frå Kreftforeningen og bøsse-utlevering.

LES OGSÅ: Ho forskar på kreftceller

Vil nå alle

– Vi har vald søndag 6. mars som vår aksjonsdag, då dette er felles aksjonsdag over heile landet, seier ho.

– Vi prøver å dekka heile kommunen best mogleg. Vi har også russ frå Lindås, Knarvik og Åsane som vil gå med bøsser der dei bur.

I fjor samla russen i Austrheim inn 106 000 kroner.

– Håpet er å slå dei. Vi har lyst å samla inn mest mogleg til ei god sak, seier Frida.

LES OGSÅ: – Den nye metoden kan redda liv

Ny rekord er målet

Den same motivasjonen har aksjonsleiar Ida Walderhaug ved Knarvik vidaregåande.

– Så langt har 150 russ meldt seg, men eg satsar på at dei siste kjem etter «kick off» fredag, seier ho tidlegare i veka.

– Vi har 180 russ på skulen, og målet er å få heile russegjengen med.

Ida har og eit anna mål for aksjonen.

– Det er å samla inn 150 000 kroner. Knarvikrussen samla inn knappe 95 000 kroner i fjor, men i 2014 greidde dei 140 000. Den summen skal vi slå, seier den gira aksjonsleiaren.

Artikkeltags