Datasvikt for ambulansane

AMK mista oversikta over ambulansane natt til onsdag. (arkivbilde)

AMK mista oversikta over ambulansane natt til onsdag. (arkivbilde) Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

– Vi har ikkje fått meldingar om at dette har hatt konsekvensar for liv eller helse, forsikrar Helse Bergen.

DEL

Ein nettverksfeil førte til at kommunikasjonen mellom ambulansane og AMK (Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral) var nede mellom 01.30 og 03.00 natt til onsdag, skriv Bergensavisen.

– Vi kan bekrefte at vi har hatt problem i natt. Konkret var det slik at AMK si sporing av ambulansane ikkje fungerte, slik at nødsentralen ikkje fekk opp på skjermane kor ambulansane oppheldt seg til ei kvar tid, fortel Erik Vigander, kommunikasjonsdirektør i Helse Bergen, til BA.

Han understrekar at helseføretaket ikkje har fått meldingar om at systemsvikten førte til konsekvensar for liv eller helse.

– Vi hadde full kontroll. AMK hadde kontakt med ambulansane på andre elektroniske system og reserveløysing på mobil. Feilen gjaldt kontakt med eksterne tenester. Alt på innsida fungerte, seier Vigander.

– Trur folk kan sove godt

Onsdag morgon blei det jobba med å finne ut av kva som forårsaka nettverksfeilen.

– Heldigvis blei det retta fort opp i. Vi har gode rutinar og vil sjølvsagt følge opp utover dagen for å forhindre at det skjer igjen, seier Vigander.

I 2016 døde ein pasient mens Haukeland sjukehus opplevde ein lengre datasvikt. Legane på hjarteavdelinga måtte klare seg utan pasientens journal i fire timar, noko som førte til at «ting tok tid» i forbindelse med gjenopplivinga, ifølge Helse Bergens varsel til Statens helsetilsyn.

– Er de bekymra for at gjentatte dataproblem vil føre til at folk misser tilliten til dykk?

– Når sånne ting skjer har vi gode rutinar og beredskapsrutinar. Vi trur at folk kan sove godt om natta, men klart at det er viktig at dette fungerer. Derfor er datatryggleik noko vi har høgt fokus på, svarer Vigander.

Artikkeltags