Som avisa Nordhordland skreiv om i byrjinga av februar, så vil Helse Bergen legga ned mammografibussen i Hordaland, og fyrst ute er Nordhordland.

Her forsvinn tilbodet alt til hausten.

Årsaka er at det stadig vert fleire bergensarar, og for å effetkivisera tilbodet, vil Helse Bergen legga ned mammografibussen og heller tvinga alle kvinner å reisa til Bergen for å verta undersøkt.

– Saka er ikkje avslutta

Helseminister Bent Høie viser til Helse Bergen sine vurderingar, og seier i eit brev til stortingsrepresentant Astrid Aarhus Byrknes at det er deira vurderingar som ligg til grunn.

Det svaret er ikkje Aarhus nøgd med.

– Eg er ennå der at saka ikkje er avslutta, sjølv om svaret så langt er at det helse Bergen har bestemt, blir slik. No har eg bedt helseministeren sjølv om eit møte om saka, og eg reknar med å få eit møte ganske fort, seier ho til avisa Nordhordland.

– Då tek eg opp att mine spørsmål, og meiner sjølv at det helse Bergen gjer no ved å utfase og avvikle bussen er feilprioritering, legg ho til.

Fagfolk avisa Nordhordland snakka med var tydleg i sine vurderingar rundt mammografibussen.

– Fagleg sett er det slik at i screeningen er det om å gjera å få flest mogleg til å møta. Då kan ein oppdaga kreft i ein tidleg fase hos flest mogleg, sa Hildegunn Aase, som er seksjonsoverlege ved Brystdiagnostisk senter til avisa Nordhordland sist me skreiv om saka.

LES OGSÅ: Kjempar for Mammografibussen

Ho sa at erfaringane viser at ein finn kreft eller forstadium på kreft hjå ca seks av 1000 kvinner i aldersgruppa 50–69 år som går til mammografi.

– Så om oppmøtetala går ned, risikerer ein at ein mister nokre krefttilfelle i Nordhordland, seier ho, det er derfor viktig å oppfordre kvinnene til å møte anten tilbodet blir i Bergen sentrum eller det blir i buss i distriktet.

Årsaka til utfasinga er innkjøp av nye mammografimaskiner som skal installerast på Danmarksplass.

Avgjersla tatt i fjor

Til no har det berre vore ei maskin på Haukeland, men no brukar Helse Bergen 4–6 millionar kroner på å kjøpa inn to heilt nye maskiner som skal stå i leigde lokale på Danmarksplass.

– Då har vi vurdert det slik at dei som bur nærast Bergen kan reisa inn til Danmarksplass, sa Aslak Aslaksen, avdelingsdirektør ved Radiologisk avdeling.

Avgjersla om å legga ned bussen vart tatt alt i fjor haust.

– Frå mi side ser eg at det vert ein lenger reiseveg, men eg meiner at vi må sjå dette i noko større perspektiv. Og kommunikasjonane er vorte mykje betre dei siste åra. Det tek vi konsekvensen av, seier han og nemner at dei og kjem til å ha ope på ettermiddagstid for undersøkingar.

LES OGSÅ: Meinar at å fjerna bussen er i strid med samhandlings-reforma

Aslaksen fryktar ikkje at ei nedlegging vil føra til dårlegare oppmøte.

– Kvinnene oppfattar dette som eit godt tilbod og vil ha dette tilbodet, seier han.