Helse i kvart eit steg

UT PÅ TUR: Normann Magnussen leiar Tore Korneliussen og Kjell Tore Karlsen ut på haustens første folkehelsetur. Kursen vert lagt mot Gasseneset og Gassevågen.

UT PÅ TUR: Normann Magnussen leiar Tore Korneliussen og Kjell Tore Karlsen ut på haustens første folkehelsetur. Kursen vert lagt mot Gasseneset og Gassevågen. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

AUSTRHEIM: Torsdag denne veka starta dei såkalla folkehelse-turane opp igjen i Austrheim.

DEL

– Det brukar å vera fleire enn dette som er med, men vi har vore færre også, seier Tore Korneliussen, som er nokså fast innslag på folkehelseturane i regi av folkehelsekoordinatoren i kommunen.

1200–1300 namn

Denne torsdagen var det Normann Magnussen som var kjentmann, og med seg turen rundt Gasseneset hadde han nemnde Korneliussen og Kjell Tore Karlsen.

LES OGSÅ: I mai vart ho lungetransplantert. Søndag deltok Aud i Knarvikmila

Kjentmannen er med på folkehelseturane innimellom, men likar seg best ute i terrenget. Han går difor mest tur saman med ein kameratgjeng, og då er det Gasseneset og Gassevågen som stort sett er arenaen.

– Det var ein gjeng skuletrøytte tiandeklassingar som byrja å rydda stien, men så fekk dei ikkje meir pengar til prosjektet. Vi tok opp igjen tråden, og fullførte jobben. Det er lagt ut mykje stein og treverk, for området er ofte blautt, men no har det vorte ein veldig fin sti, seier Magnussen, og legg til at boka som er lagt ut ved vegs ende har 1200–1300 namn i seg berre i år.

Saknar innetilbod

Folkehelseturane i Austrheim går kvar torsdag no i haust, med frammøte ved Austrheimhallen klokka 19.00. Her er alle velkomne.

LES OGSÅ: Karoline har gått ned 50 kilo - vil verta så fit som mogleg

– Eg er med på tur med jamne mellomrom, og det er eit fint tilbod. Personleg saknar eg eit trimtilbod innandørs for vaksne folk i kommunen, men det er jo sjølvsagt viktig å koma seg ut, også, seier Korneliussen til Nh.

Artikkeltags