Gå til sidens hovedinnhold

«Held eg lenger, er det over»

Artikkelen er over 7 år gammel

Etter at kjærasten hadde vore utru og forlete han, venta den sjalu mannen ein time på at nyetypen til dama var åleine heime for å banka han.

Bakgrunnen for at nordhordlendingen oppsøkte fornærma ein morgon i oktober 2012 var at han ynskte å konfrontera fornærma med at han hadde «tatt over» tiltaltes tidlegare sambuar.

Venta til han var åleine heime

Dei to hadde vore venner i mange år, og tiltalte visste at eks-dama hans var i same huset som nyetypen.

LES OGSÅ: Eks-politi hadde 3772 skot heime

Den såra eksen venta i ein time, til han var sikker på at kameraten var åleine heime, før han oppsøkte han.

Kva som vidare skjedde er noko uklart, men ingen er i tvil om at det enda i ein slåstkamp mellom dei to karane.

Tiltalte forklarte at han dytta fornærma og at han seinare slo fornærma med ein stol ved at stolryggen trefte ansiktet slik at fornærma fekk eit kutt over venstre auge kor det blødde frå. Etter hendinga ringde nordhordlendingen til ein kompis og uttalte at han hadde vore hjå fornærma og grisebanka han.

«Held eg lenger er det over»

Eit halvt år før dette, hadde han banka eks-dama si. Det skjedde i samband med overlevering av eigedelar etter at forholdet hadde tatt slutt. Fornærma forklarte at tiltalte, medan ho var på kjøkkenet for å setja på kaffi, kjem inn og slår ho hardt i magen. Deretter tok tiltalte strupetak på ho og holdt ho over vasken mens han uttalte «dersom eg held lenger så er det over».

LES OGSÅ: Alexela Sløvåg må ut med millionar etter tap i retten

Han slepp taket og fornærma går inn på badet. Tiltalte kjem etter og tek på nytt strupetak og held eksdama mot veggen. Mens han held fornærma i strupen med ei hand slår han med knytt neve to eller tre gonger hardt i veggen ved sidan av hovudet hennar.

– Sinne og sjalusi

Nordhordland tingrett meiner valden er grov, sjølv om ho ikkje fekk merkar etter hendinga. Retten viser til strupetak, slag og trugsmål. Retten reknar ikkje slåstkampen mot den tidlegare kompisen sin som så alvorleg. Tingretten seier handlinga er utløyst av sinne og sjalusi. Handlinga verkar gjennomtenkt og planlagt, skriv tingretten i dommen sin.

LES OGSÅ: 83-åring skulle svinge inn på rasteplass. Då smalt det

Nordhordlendingen er og dømt for å ha køyrd vogntog utan lov, samt utan å ha sikra lasta si.

For alt dette har han fått ein dom på 80 dagar, der 30 dagar må sonast. Han misser og førarkortet i eit halvt år.

LES OGSÅ: Joker-ranarar fekk samfunnsstraff