– Vi har konsentrert vår innsats mot dei aller yngste i eit forsøk på å forebygga. Vi får foreldra på banen og fortel dei at borna deira har starta på noko dei ikkje burde. Håpet vårt er at dei skal innsjå alvoret og at vi slepp møta ungdommane att seinare, det er vår agenda i dette, seier politioverbetjent Kjell Idar Wangberg ved Nordhordland politidistrikt til Nh.
Aksjonen omfattar kommunane Lindås, Meland, Radøy og Austrheim. Utgangspunktet for aksjonen torsdag var ei liste med drygt 30 namn på ungdommar som er eller har vore involvert i narkotikabruk. I følge Wangberg er om lag halvparten av desse under 16 år, to var berre 14 år då det straffbare forholdet skjedde, og er no såvidt passert 15.
LES OGSÅ: Kjøpte 100 gram hasj på bytur
Påtaleunnlating
– Alle dei yngste har fått påtaleunnlating hjå oss. Dette får dei der og då, og forholdet er gjort opp, seier Wangberg. Han er glad for at foreldra til dei involverte reagerer positivt på aksjonen.
– Vi kontaktar foreldra når det handlar om umyndige, og kallar dei saman inn til bekymringssamtale. Foreldra er ubetinga positive, seier Wangberg.
Under aksjonen vart det og gjort ein del ransakingar, og resultatet vart beslag av mindre kvanta hasj, amfetamin og pillar.
– Vi har ein del beslutningar om ransaking, alle dei andre tar vi kontakt med og kallar inn til samtale same dag, seier Wangberg. Politiet er bekymra over at så mange unge er involvert i narkotikabruk.
LES OGSÅ: «Held eg lenger, er det over»
Oppfølging
– At dei berre er 14 år er bekymringsverdig, dette er noko som kommunane og politiet tverrfagleg må jobba med, det er ein trend vi ikkje ønsker, seier han. Dei vil følga opp alle som har vore inne til bekymringssamtale i tida framover.
– Alle vi har hatt med å gjera vil få oppfølging i håp om at dei er ute av systemet og vil klara seg. I enkelte tilfelle er andre etatar inne i bildet, seier han.
– Vi har gåande dialog med kommuneleiinga i distriktet gjennom politirådet, og har gode samtalar rundt dette problemet med kommunane. Vi kjem til å halda fram med å jobba aktivt med dette framover, seier Wangberg.