AUSTRHEIM:TV-serien «Hvem tror du at du er» har fått mange nordmenn til å visa interesse for eigne slekter.
Harald Sognnes starta prosessen for over 40 år sidan.
– Eg åtvarar dykk! For går de først inn i slekta dykkar, vert det så hekta at det er vanskeleg å stoppa, seier Harald Sognnes (60).
Året er 1972. Unge Harald bestemmer seg for å sykla frå Bergen, der han går på skule, til Sognnes i Hyllestad.
LES OGSÅ: Kjersti (33) er bestemor
Med på turen er ho som seinare vert kona hans. Saman skal dei treffa Harald sine slektningar som bur der bestefaren flytta ut frå, før turen går tilbake same vegen på sykkel.
Her får Harald sjå bilde av oldefaren sin. Det vert sagt om Harald at han liknar på olderfaren utsjånadsmessig. Men kor like var dei elles?
Med desse tankane i hovudet byrjar Harald på ein hobby som skulle følgja han resten av livet.
I dag ville arbeidet gitt ein roleg start. Bygdebøkene for Austrheim er komplette, og på nettet finn du diverse hjelpemiddel som kan føra deg vidare, også utanfor din eigen kommune.
Alt manuelt
Då Harald starta vandringane bakover i tid, var ingen ting av dette tilgjengeleg. Alt måtte gjerast manuelt. Mange timar rauk unna i Statsarkivet i Bergen, der ein også i dag finn mange typar relevante dokument for reisa vidare.
– Eg kunne sitja der i fleire timar. All fritid og store delar av feriar gjekk med til dette, både i Satasarkivet, heile landet og i utlandet. Det eg fann måtte eg skriva ned for hand, seier Harald, som i dag har lagt alt saman inn på datamaskina.
LES OGSÅ: Mykje talent på UKM i Gulen
Til saman 15.000 namn ligg inne i den private sleksdatabasen. I tillegg kjem kona sine 5000 namn. Det eldste namnet er datert 1410.
– Lenger tilbake er umogeleg å finna. Med mindre du er av adelsslekt, som har nedteikna sine eigen historier, finst det ingen skrifteleg kjelder som er eldre enn dette, seier Harald.
Slektstreet stoppar likevel ikkje her. For etter kvar som nye folk kjem til i etterslekta etter oldeforeldra hans, kjem desse namna på plassen der dei høyrer heime.
TV-serien har rulla opp både grusomme og gledelege historier for dei personane som har stilt opp der.
Frå Danmark
Programmet avslørte mellom anna at skodespelaraen Kari Simonsen og hennar søsken er dei einaste direkte etterkommarane av Adam Oehlenschläger, diktaren som skreiv den danske nasjonalsongen.
Dette ante Kari ingen ting om før programmet vart laga. Thorvald Stoltenberg har alltid trudd at familien hans kom frå ein tysk adelsfamilie. Han må skriva familiehistoria på nytt, då denne opplysninga viste seg å vera heilt feil.
Å kjenna røtene
– Eg har ikkje slike spennande historier å fortelja som dei vi har sett på TV, men det eg har grave fram, er likevel av stor verdi for meg. For uansett kva familie vi kjem av, er kunnskapen om røtene våre med på å læra oss sjølve betre å kjenna, seier Harald.
Han fortel at han kjem frå ei slekt som stort sett har livnært seg som fiskarar og bønder.
– Bestefar, Ole Johan J. Sognnes vart fødd på Sognnes. Han var steinarbeidar og jobba mellom anna på Bergensbana, fortel Harald.
Når du reiser langs jernbanelina, har du sikkert sett dei flotte steinbruene langs jernbanestrekningen. Det er bruer som Harald sin bestefar har laga.
Bygde Skolten
Kjører du inn til Bergen sentrum via Sandviken, passerer du Skoltegrunnskaien. Kaien er også eit av arbeidsprosjekta bestefaren gjorde.
Slike detaljar er med på å gje Harald, som lever i dag, ein identitet.
LES OGSÅ: Sterkt rusa i Eikefettunnelen
Under arbeidet på Bergensbana møtte Ole Johan Helena Karolina Tunestveit. Dei gifta seg, og fekk fire barn i lag. 28 år gamal døydde Helena på Stord, der familien då budde.
– På den tida var det umogeleg for ein ektefelle å sitja att åleine med ein ungeflokk, fortel Harald.
Dersom ein ikkje gifta seg opp att snart, kom overformynderiet og plasserte barna bort. Ole Johan gifta seg med Amanda Fonnes. Dei fekk eitt barn saman, og slik vart familien på farsida verande i Austrheim.
Harald sin morsfamilie kjem frå Fonnes i Austrheim, og slekta vidare bakover er stort sett frå nordre del av Lindås prestegjeld.
Undervegs i arbeidet oppdaga Harald også at han har same stamfar som diktaren Henrik Wergeland og den berømte målaren J.C. Dahl.
Ved å granska slekta finn du ikkje berre fakta om din eigen familie.
– Ein lærer veldig mykje om samfunnet vårt, som har vore i stadig endring, seier Harald.
Utvikling
I dag har vi mange velferdsordningar som vi reknar som sjølvsagde. Men slik har det ikkje alltid vore. Det er først når ein går inn i tilhøva som forfedrane våre levde i, ein faktisk forstår kor viktig dagens velferdsordningar er.
Harald har brukt kunnskapen sin til å hjelpa andre. Før bygdebøkene i Austrheim kom, hadde han kø av folk som ville ha hjelp på den årlege Fonnes-dagen.
Kurshaldar
Erfaringa han har samla seg deler han med andre som kurshaldar. Her viser han til korleis ein skal finna fram i kjeldejungelen. Her er nokre tips:
* Gard- og ættesoger (bygdebøker)
* Kyrkjebøker og kjelder i slekt med kyrkjebøker
* Manntal og folketeljingar
* Skrifter og kjelder i slekt med skifter
* Soldatar og sjøfolk
* Lov og rett (tingbøker)
* Matriklar
* Pantebøker og panteregister
* Magistratarkiv
* Bygningshistoriske kjelder
* Flytting, innvandring og utvandring
* Andre kjelder og nyttig litteratur.
– Ver obs på at det er 60 års sperrefrist på ein del opplsyningar. Når det gjeld lov og rett er det 80 år, seier Sognnes.
Han legg til at dersom du startar med slektsgransking, kan du lasta ned gode program frå nettet. Nokre er gratis, andre må du betala for.