KrF har hatt ordføraren i alle Nordhordlands-kommunane.
– Vi står framleis sterkt i Nordhordland, fastslo fylkespartisekretær og varaordførar Kari S. Sørheim då dei lokale KrF-laga markerte partiet sitt 75 års jubileum på Frekhaug torsdag.
Sjølv om det er nokre år sidan KrF ruva med oppslutning godt oppe på 20-talet, står partiet framleis sterkt i mange kommunar. Partiet har vore i posisjon i mange år i Nordhordland, noko oversikta over ordførarar og varaordførarar fortel sitt om.
- KrF har tatt mykje ansvar i regionen vår. Vi skal framleis vera eit samarbeidsparti, fastslår Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes og fylkesutvalsmedlem og gruppeleiar i Meland, Pål Kårbø.
Gamleordførarar og varaordførarar vart utfordra til å trekkja fram spesielle historier og saker frå si tid. Johannes Fosse styrde Meland i ei tid det skjedde mykje i regionen.
- Det tøffaste kommunestyremøtet var då bruprosjekta som skulle knytta Meland til omverda, inkludert flytebrua, skulle losast i hamn. Det var viktig å få eit samrøystes vedtak også i det som omfatta finansieringa. Den prosessen gjorde sterkt inntrykk, fortel han.
Fekk sjokk
Meinert Helland vart Radøy-ordførar berre 31 år gamal. Han måtte overta då den valde ordføraren vart sjuk.
– Eg gløymer aldri den telefonen. Eg vart vetskremt. Oppdraget var stort, det føltest som Josva som skulle føra folket sitt ut av ørkenen og inn i det ”forjettede land” fortel Helland.
Tidlegare Lindås-ordførar Arnvald Risøy trekte fram at det i hans tid vart lagt ned fleire skular i Lindås.
Dyr veg – ny ferje
Jon Hope var Masfjorden-ordførar då Austfjordvegen vart offisielt opna. Eit svært viktig anlegg for kommunen, men også svært dyrt.
For Vilgerd Storset Husa var det eit høgdepunkt då Fedje fekk ny ferje. – Men nokre stortingspolitikarar som skulle hjelpa til i prosessen, førte nesten til at forsøket hadde havarert, minnest ho.
Ser framover
No ser partiet framover.
- Noko av det mest gledelege er at vi har fått ein ung og svært engasjert KrF-ordførar i Lindås, fastslår Kåre Gaulen. Astrid Aarhus Byrknes, som også er leiar i Nordhordland KrF, opna jubileumssamlinga med song.
Ikkje mindre enn to stortingsrepresentantar, Laila Dåvøy og Hans Olav Syversen, og fungerande generalsekretær Knut Are Hole, deltok under den regionale KrF-markeringa i Frekhaug bedehus torsdag kveld.
Tidlegare på dagen var dei til stades på kransenedlegging på bysta til partifaderen Nils Lavik i Eksingedalen.