Har samla inn ein halv million kroner

GODT I GANG: Entreprenøren er no godt i gang med grunnarbeidet på kyrkjetomta i Knarvik. - Vi står på for å prøva å skaffa midlar til heile underetasjen før den nye kyrkja står klar, seier soknerådsleiar Øystein Aamli.

GODT I GANG: Entreprenøren er no godt i gang med grunnarbeidet på kyrkjetomta i Knarvik. - Vi står på for å prøva å skaffa midlar til heile underetasjen før den nye kyrkja står klar, seier soknerådsleiar Øystein Aamli. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Jobbar med å få utrusta underetasjen i nyekyrkja i Knarvik.

DEL

LINDÅS: – Vi tar no steg for steg for å få så mykje som mogleg på plass før bygginga vert avslutta, seier soknerådsleiar Øystein Aamli.

3. november i fjor gjekk startskotet for arbeidet med den nye fleirbrukskyrkja i Knarvik. No er entreprenøren godt i gang med grunnarbeidet på tomta.

Parallelt med dette arbeider soknerådet med å få inn midlar til å utrusta underetasjen i den nye kyrkja.

Symbol

– Vi står på for å prøva å skaffa midlar til heile underetasjen før den nye kyrkja står klar, seier soknerådsleiar Øystein Aamli.

LES OGSÅ: Familie doblar gåve til Knarvik-kyrkja

Den planlagde underetasjen er sjølve symbolet på fleirbruks-kyrkja, og vert ein plass for som kan nyttast til arrangement av ulikt slag. Eige lydstudio er eit av forslaga til kva som skal få plass i underetasjen.

Kyrkjemesse

Neste store steg på vegen er kyrkjemessa 9 .mars.

– Vi fekk inn 100 000 kroner i fjor, målet vårt er å komma over det, fortel Aamli.

Koret Sing Singeling, Alversund kammerkor og det nyoppstarta Knarvik Gospelkor kjem alle for å gi sine underhaldningsbidrag på messa.

– Det blir eit stort opplegg og mykje flott musikk. I tillegg vert det kafé, åresalg og trekning i hovudlotteriet, fortel Aamli.

LES OGSÅ: Knarvik-kyrkja skal byggast for 70 millionar

– Håpet vårt er at dette kan skapa ein dugnadsand og eit engasjement for kyrkja både for dei faste kyrkjegjengarar og andre som ikkje går i kyrkja fullt så ofte. Den nye kyrkja skal bli ei kyrkje for alle, seier Aamli.

Godt i gang

Soknerådet har tidlegare hatt ein dør til dør-aksjon som dei er godt nøgd med.

– Vi vart tatt godt i mot, og fekk samtidig ein sjanse til å informera folk og svara på spørsmål, fortel Aamli.

LES OGSÅ: Markerte start på kyrkja

Dei er godt i gang med å samla inn midlar, til no er over ein halv million kroner trygt plassert på kontoen til underetasjen.

– Vi tar no steg for steg for å få så mykje som mogleg på plass før bygginga vert avslutta, seier soknerådsleiaren.

Artikkeltags