Gå til sidens hovedinnhold

Har kjøpt treningsutstyr for ein million

Artikkelen er over 8 år gammel

Christer opnar nytt treningstudio i Knarvik

Han har vore brennande oppteken av trening heile livet. I april opnar Christer Fløysand eige treningsstudio i Knarvik.

– Tanken min er å skapa eit senter med litt anna treningsfokus. Her vil eg satsa på vekter og styrketrening, vi kjem ikkje til å tilby saltrening, fortel gründer Christer Fløysand.

LES OGSÅ: På hjul for bedriftshelsa

Han står sjølv som eineeigar av det nye treningsstudioet som skal opna i dei tidlegare lokala til Lysstøperiet.

– Eg har satsa alt eg har for å få dette til å gå rundt, fortel han.

Denne veka går arbeidet for fullt med å få på plass alt utstyret til opninga 1. april.

Frå USA

– Alt utstyret er bestilt frå USA, og kjem i fire store containerar, fortel Fløysand etter at den tredje containeren er tømt for siste rest av treningsapparat.

LES OGSÅ: Mot toppen med torturtrening

– Eg har kjøpt det beste utstyret det er mogleg å få tak i. Kvalitet er viktig for meg, her vil eg ikkje spara på noko, fortel han.

Utstyret han har vald er det same som det amerikanske forsvaret nyttar.

Personleg trenar

Christer Fløysand har jobba i treningsbransjen på deltid i fire år, men har alltid vore oppteken av trening.

– I fjor var eg ferdig utdanna vernepleiar, og planen min var å jobba innan helsefag. Eg er utdanna personleg trenar, og den største lidenskapen min er trening, det har vore viktig for meg heile livet. Difor bestemte eg meg for å satsa på eige studio, fortel han.

Døgnope

Frå starten vil dei vera to personlege trenarar ved senteret.

– Vi satsar på å tilby meir personleg trening med stor grad av individuell oppfølging, seier Fløysand.

LES OGSÅ: Bodybuilding som livsstil

Det vil vera bemanning på plass kvar dag, men senteret vil ha døgnope for medlemmane.

– Her kan folk trena når dei vil og styra musikken sjølv, seier Fløysand.

Namn frå Pepsi Max

Treningssenteret skal heita Max Fitness, og namnet var det ein kompis som kom på.

– Vi hadde snakka om å ha noko med fitness i seg, men ville ha noko meir i tillegg. Kompisen min såg ei flaske med Pepsi Max, og føreslo Max Fitness, og sånn vart det, fortel Fløysand.

Alle velkomne

– Vi kan tilby tilpassa trening til alle aldrar, uansett kjønn. Her er alle hjarteleg velkomne, fortel Fløysand.

LES OGSÅ: Ristar seg i betre form

Alle som vil får komma og trena gratis for å finna ut om dei trivst.

– Du kan godt seia vi har trivselsgaranti, fortel han.

– Håpet mitt er å skapa eit godt miljø for folk som trenar seriøst i Nordhordland, seier Fløysand, som allereie før opninga har spennande planar om utviding.

– Men det vil eg ikkje røpa heilt enno, seier han.

LES OGSÅ: Mosjon og trening utanfor studio