Gå til sidens hovedinnhold

– Har du oversikt over kva borna dine møter på i cyberspace?

Artikkelen er over 7 år gammel

MELAND:– Lær borna dine nettvet!

Mange foreldre er ikkje klare over kva som kan røre seg i borna sin digitale kvardag. Ofte fortsett kommunikasjonen til borna etter at dei har sløkt lyset og lagt seg under dyna. Kommunikasjon med vener, og kanskje og med fiendar.

– Ein god regel kan vera at ein legg frå seg smarttelefon eller nettbrett i god tid før ein skal legga seg, seier Kjellaug Tonheim Tønnesen frå Barnevakten. 30 prosent av born mellom 3 og 11 år har smarttelefon syner undersøkingar.

LES OGSÅ: Seier nei til mobbe- app

Ungane våre er på cyberspace saman med kven som helst, og det er umogleg å følga med på alt dei gjer. Målet må vera å hjelpa borna å utvikla eit filter sjølv, men då krev det at vi held oss litt oppdaterte, seier Tønnesen. Ho understrekar at nettet ikkje berre representerer fare for borna våre, det gir også mange moglegheiter til positiv læring og sosialisering.

Viktig å setja grenser for seg sjølv

Tønnesen kunne fortelja om eit eksempel der ei 14 år gammal jente blogga om kvardagen sin. Ein dag kom det ein melding på telefonen frå ein framand, om at ho var flink til å blogga, og at ho var veldig søt og fin. Jenta gav beskjed til mora, som fann ut at det var ein 48 år gammal mann som hadde sendt meldinga. Mora kontakta KRIPOS, som kunne fortelje at dette var ein mann dei hadde fått fleire uromeldingar om, og som hadde prøvd å koma i kontakt med fleire unge jenter.

LES OGSÅ: «Det var ikkje kult å bli mobba verken for storleik eller religion»

– Hadde ikkje jenta blogga med fullt namn, så hadde ikkje mannen funne hennar telefonnummer og adresse på 1881. Det kan vera lurt å læra borna å vera litt kritiske til kva dei deler, og kven dei deler med, seier Tønnesen.

Lett å mobba på nett

Mobil-appen ASK, har vore omtala i media, då det blei kjend at mange born og unge blei sjikanert på det grovaste via denne appen. Her kan ein legga att anonyme meldingar til dei som er medlemmer, og sjølv om det vert sagt mykje positivt, så blir appen også nytta til grov sjikane.

– Det er lett å mobba på nett, skjult bak ei datamaskin. For nokon kan den eine meldinga vera den som får begeret til å flyta over. Vi ønskjer ikkje at borna våre skal oppleva slik sjikane, men heller ikkje at dei skal senda slike meldingar til andre, seier Tønnesen. Ho meiner det er viktig at foreldre blandar seg inn dersom dei er vitne til mobbing, også på nett.

LES OGSÅ: Politet: – Vær varsom på sosiale medier

– Vi er ofte meir oppteken av tidsbruken til borna på sosiale medier, enn av innhaldet. Der må vi bry oss meir, seier Tønnesen.

Tjukkhuda generasjon

Norske born ligg på Europatoppen når det gjeld erfaring med potensielt skadeleg innhald frå andre brukarar. Det gjeld nettsider om sjølvskading, anorexia, vald, porno og liknande. For ei tid tilbake verserte det ein video på Facebook, der ei kvinne blei halshøgt av ein maskert mann.

LES OGSÅ: Lærer nettvett i barnehagen

– Enkelte ungar toler meir enn andre, men er det OK at ungane våre vert så hardhuda at dei tilsynelatande toler alt? Spør Tønnesen. Ho fortel at dei fleste søkemotorar har moglegheit for strengt filter, og det kan vera ein stad å byrja. Også på YouTube kan ein enkelt setja på «sikker modus», som gjer at ikkje borna vert utsett for skadeleg innhald. Lisbeth Sjursen i FAU ved Sagstad Skule var ei av initiativtakarane til møtet. Ho har to jenter, den eldste er sju.

–Eg kjenner eg gruar meg litt til jentene vert eldre og kjem borti alt dette. Eg trur spesielt jenter kan vera fæle når det gjeld mobbing på nett. Difor er eg også veldig glad for at eg fekk med meg dette møtet, og eg fekk mange gode tips i kveld, seier Sjursen.

LES OGSÅ: Jenter hengt ut på sexliste