Lothepus-feber på Knarvik senter

Lothepus og Vendela med boksignering i Knarvik senter. Foto: Camilla Aasen Bøe
Fredag stilte Vendela og Lothepus til boksignering på Knarvik senter. Resultatet: eit aldri så lite sirkus.
Lothepus (Leif Einar Lothe), Finn Tokvam og Vendela Kirsebom sit bak eit bord i Knarvik senter.
Til den eine sida kveilar køa seg rundt hjørnet, fint ordna med svarte avsperringsband, og langt forbi skiltet som annonserer kvar køa startar. Utanfor køsperringane står nyfikne med mobilane i vêret i forsøk på å sikre ein snap utanom det kvardagslege.
Barnehagen er på plass, og med julepynten på plass på senteret er det som ein forventar å finne sjølve julenissen som senter for all denne merksemda. Saka held fram under bildet
Vendela pratar, smiler og poserer. Lothepus ser ikkje heilt bekvem ut, men signerer, helsar og gjev suss på kinnet til dei unge damene som vil ta selfie saman med han.
Dermed er det ingen tvil. Adventstida er herved starta, julehandelen girar opp, og nedtellinga til jul er offisielt i gang.
Kommentarer til denne saken