Greenpeace borda borerigg i Gulen før den skulle på oppdrag for Statoil

Demonstrantane blir oppfordra av Statoil til å aksjonere i trygge former.

Demonstrantane blir oppfordra av Statoil til å aksjonere i trygge former. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Aktivistar frå Greenpeace Norge har borda boreriggen West Hercules i Skipavika. Riggen skulle dra på oppdrag for Statoil i Barentshavet.

DEL

Avgangen er no forseinka på grunn av at to aktivistar har tatt seg inn på riggen, skriv Teknisk Ukeblad.

– Vi brukar dei verkemidla vi har for å få Statoil og norske myndigheiter til å ta klimasituasjonen på alvor, seier leiar for Greenpeace Norge, Truls Gulowsen.

Skal bore i Barentshavet

Dei to aktivistane gjekk om bord like før klokka 08.00 torsdag morgon, og var framleis om bord ved 10-tida. Aktivistane sender direkte frå riggen på si Facebook-side. Greenpeace melder at all aktivitet på riggen er stoppa.

I tillegg til dei to om bord er det også fleire aktivistar i kajakkar i farvatnet rundt riggen.

Der held dei opp plakatar med påskrifta «Same shit, New Wrapping». På norsk: «Samme driten, ny innpakning».

West Hercules skal bore to leitebrønner i Barentshavet i sommar, og har opsjonar på ytterlegare fem leitebrønnar. Riggen er eigd av Seadrill og blir operert av datterselskapet North Atlantic Norway Ltd.

Bør demonstrere i trygge former

Pressetalsperson Morten Eek i Statoil ønsker ikkje å kommentere aksjonen direkte, men seier at dei planlagde leitebrønnane i Barentshavet er tildelt i tråd med praksis frå norske myndigheiter.

– Eg kan ikkje seie noko spesifikt om aksjonen, eg har ingen verifisert informasjon om den. Men eg vil oppfordre dei som vil demonstrere til å gjere det i trygge og forsvarlege former, seier han.

Artikkeltags