– Vinteren 2007 visste ingen at avdukinga av kongestatuen kom til å bli starten på Utkantfestivalen

Fredag 4. august er det ti år sidan monumentet til Knut Steen av Olav V vart avduka på Skjerjehamn.

Fredag 4. august er det ti år sidan monumentet til Knut Steen av Olav V vart avduka på Skjerjehamn. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Ein kan seie at ti år går fort, men jaggu ser Ola Braanaas eldre ut og Skjerjehamn stadig friskare. Fredag 4.august er det ti år sidan monumentet til Knut Steen av Olav V vart avduka på Skjerjehamn. Vi ser lyst på dei neste ti.

For vinteren 2007 var det lite som tyda på at Skjerjehamn kom til å bli den plassen som 15.000 gjester valfartar til den siste helga i juli kvar sommar. Vinteren 2007 visste ingen at avdukinga av kongestatuen kom til å bli starten på Utkantfestivalen.

Ingen visste at Skjerjehamn kom til å bli besøkt og elska for sin venleik. Av kongelege, så vel som kjendisar og vanlege arbeidskarar, kinesiske turistar, russiske forretningsmenn og hipsterar frå Brooklyn. Men Ola Braanaas hadde ein visjon, om at handelsstaden Skjerjehamn kunne få nytt liv og bli til eit møtepunkt mellom menneske, kunst og natur.

Opptur: Skjerjehamn i Gulen har fått ein stor oppsving etter at den mykje omdiskuterte statuen av Kong Olav vart reist i 2007. Avdukinga skulle også bli starten på Utkantfestivalen, som vart arrangert i helga og då trekte rundt 12.000 besøkande.Foto: Privat

Opptur: Skjerjehamn i Gulen har fått ein stor oppsving etter at den mykje omdiskuterte statuen av Kong Olav vart reist i 2007. Avdukinga skulle også bli starten på Utkantfestivalen, som vart arrangert i helga og då trekte rundt 12.000 besøkande.Foto: Privat

Statuen som Oslo kommune underkjente, vart til den mest medieomtalte skulpturen i norsk historie, og litt av eit marknadsføringsobjekt. Men framfor alt er Olavstatuen framleis ein grunnstein i utviklinga av Skjerjehamn som eit kunstnarisk sentrum. Ikkje berre har statuen blitt eit utruleg flott landemerke, men den har også fått folk til å rette blikket mot denne utkanten og gjort plassen attraktiv.

Tiårsdagen blir markert fredag 4.august med åpning av salgsutstillig i galleriet, med oljemaleri og pastellar av Edvarda Braanaas. I tillegg vil vi syne fram kortfilmen «En Konge ved havet» (dokumentar) som Ola Braanaas laga for å overtyde Knut Steen om at Skjerjehamn var den rette heimen for statuen. Arrangementet er gratis. Restauranten vil vere open som vanleg.

Denne teksten vart først publisert som eit debattinnlegg, men etter tilbakemelding frå Vilde Braanaas er dette no i staden publisert som innsendt stoff.

Artikkeltags