Motorsyklist kolliderte med hjort på E39

Artikkelen er over 2 år gammel

Skal ha fått brotskadar, ifølge brannvesenet.

DEL

Klokka 23.04 fekk 110-sentralen i Hordaland melding om ei trafikkulykke på Oppedal i Gulen.

Ifølge 110-sentralen var det ein motorsyklist som kolliderte med ein hjort. Motorsyklisten skal ha vore på veg i sørgåande retning og ulykka skal ha skjedd ikkje langt i frå ferjekaia. 

– Brannvesenet er framme og har sikra skadestaden, og helse har tatt hand om den forulykka, seier vaktkommandør Jan Ove Haga til Avisa Nordhordland klokka 23.40 fredag kveld.

Haga seier det skal vere snakk om brotskadar på motorsyklisten utan at han kjenner tilstanden til den forulykka eksakt. Seint fredag kveld kunne han heller ikkje opplyse kva sjukehus den skadde ville bli sendt til.

Brannvesenet rykte ut frå Gulen og var på ulykkesstaden før ambulansen.

Artikkeltags