– At kommunane skal ta avgift fordi vi lukkast med å skape aktivitet og arbeidsplassar i Kyst-Noreg meiner eg er trist, seier Ola Braanaas til NRK Sogn og Fjordane.

Førre veke vart det nemleg fleirtal i næringskomiteen på Stortinget for å innføre ei avgift på oppdrettsfisk. Det kan koste oppdrettsnæringa 400 millionar kroner, og det er kommunane der oppdrettsanlegga ligg som får pengane.

Frp og Høgre er i mot, medan SV. Ap, KrF, Venstre og Sp er for.

Braanaas, som eig Firda Seafood og har 80 tilsette i Gulen, seier til NRK Sogn og Fjordane at han er skaka.

– Eg trur fordelane er større enn ulempene. Det største problemet til kommunane er ikkje det arealet som blir nytta til næring, men heller alt det arealet som ikkje blir nytta til næring, seier Braanaas til NRK Sogn og Fjordane.

 

Nøgd Gulen-ordførar

Gulen-ordførar Hallvard Oppedal, er derimot nøgd med den nye ordninga.

– Det vil bety mykje inntekter. Gulen er i ei særstilling med lokale oppdrettarar, og vi har to lakseslakteri. Men det er andre kommunar der ringverknadane er færre. Vi treng å stimulere til at fleire kommunar legg ut meir areal, då får vi vekst i næringa, seier Oppedal til NRK Sogn og Fjordane.

Men Braanaas  meiner det viktigaste for kommunane bør vere at det skjer verdiskaping, at det blir skapt arbeidsplassar og at folk buset seg i kystkommunane.

– Då blir det levande og gode samfunn. Det bør vel ikkje vere slik at det skal vere skattlegging som stimulerer kommunane for å legge til rette, dette blir heilt bakvendt, seier Braanaas, som meiner det er merkeleg å legge avgift på å skape arbeidsplassar.

Les også

Frå dette rommet fôrar Elisabeth og Marte tusenvis av fisk